Jesaja 47 N78NN

Spottevise om Babel

1 Stig ned og set deg ¬i molda,Babels dotter, du unge møy!Set deg på jorda, ¬utan kongsstol,du kaldeardotter!For du skal ikkje lenger kallastden fine og bortskjemde møy.

2 Ta kverna fram og mal!Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp,så foten vert berr,og du kan vassa over elvar.

3 Dei skal kle av degog sjå deg naken.Eg tek hemn og sparer ingen,

4 seier vår utløysar.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.Israels Heilage er han.

5 Set deg stilt,og gå inn i mørkret,du kaldeardotter!For du skal ikkje lenger kallastdronning over kongerike.

6 Eg var harm på mitt folkog førte vanære ¬over mitt arveland.Eg gav dei i dine hender,og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei.Jamvel på gamle folkla du ditt tunge åk.

7 Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!»Du la deg ikkje dette på hjartaog tenkte ikkje på endelykta.

8 Så høyr då dette, du nytesjuke,som sit så tryggog tenkjer med deg sjølv:«Eg og ingen annan!Eg skal ikkje sitja enkjeog aldri leva barnlaus.»

9 Men begge desse ulukkeneskal koma over deg,brått, på ein einaste dag.Barnløyse og enkjestandkjem på deg i fullaste måltrass i all di svartekunstog dine sterke trolldomsord.

10 Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa:«Det er ingen som ser meg.»Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt,så du tenkte med deg:«Eg og ingen annan!»

11 Så skal du då råkast ¬av noko vondtsom du ikkje kan mana bort.Ei ulukke skal henda deg,og den kan du ikkje hindra ¬med soning.Brått kjem det over deg,eit stormver du ikkje venta.

12 Kom no med dine ¬trolldomsordog all di svartekunst,som du har drive med ¬frå din ungdom!Kanskje kunne du finna hjelp,kanskje skræma ulukka bort!

13 Du har streva ¬med mange planar.Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg,dei som granskar himmelenog kikkar på stjernene,dei som månad etter månadvarslar det som skal henda deg.

14 Men sjå, dei vert som halm;elden brenner dei opp.Dei kan ikkje berga livetfrå den sterke logen.Det er ikkje glør ¬til å verma seg med,ikkje bål til å sitja framfor.

15 Så går det dine trollmenn,som du har trøytta deg ut medfrå du var ung.Dei vinglar kvar sin veg;det finst ingen som ¬hjelper deg.