Jesaja 11 N78NN

Frelsarkongen og riket hans

1 Ein kvist skal renna ¬or Isai-stuven,ein renning skal skyta opp ¬frå hans røter.

2 Herrens Ande ¬skal kvila over han,Anden med visdom og vit,Anden med råd og styrke,Anden som gjev kunnskap ¬om Herrenog age for han.

3 Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren.Han skal ikkje døma ¬etter det han ser,og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer.

4 Han skal døma armingar ¬med rettferd,fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet.Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munnog drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper.

5 Rettferd skal vera ¬beltet om livetog truskap ¬beltet om hoftene hans.

6 Då skal ulven bu saman ¬med lammet,og leoparden liggja i lag ¬med kjeet.Kalv og ungløve ¬skal beita saman,og ein smågut skal gjæta dei.

7 Ku og bjørn skal gå og beita,ungane deira skal liggja i lag,og løva skal eta halm ¬som oksen.

8 Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen,og veslebarnet skal retta ut ¬si handmot bolet åt eiterormen.

9 Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagnpå heile mitt heilage fjell.For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren,liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

10 Den dagen skal folkeslag søkjatil renningen or Isais rot.Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka,og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom.

Dei bortførte skal venda heim att

11 Då skal Herren endå ein gongretta ut si hand og vinna attden resten som er leivd ¬av folket hans,frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia,frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene.

12 Han skal reisa ei fane for folka,samla dei bortdrivne av Israelog føra det spreidde ¬Juda-folketheim att ¬frå verdsens fire hjørne.

13 Då skal Efraims avund kvervaog Judas fiendskap verta ¬utrudd.Efraim skal ikkje misunna Judaog Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim.

14 Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest,og saman plyndrar dei ¬stammene i aust.Dei legg si hand ¬på Edom og Moab,og ammonittane må lyda dei.

15 Då skal Herren turka uthavbukta ved Egyptog svinga si hand over Eufrat,kløyva elva ¬med sin sterke stormså ho vert til sju bekker,der folk kan gå turrskodde ¬over.

16 For resten av Herrens folksom vert berga frå Assur,skal det vera ein jamn vegsom det var for israelittaneden dagen dei drog ut ¬or Egypt.