Jesaja 33 N78NN

Jerusalems naud og frelse

1 Ve deg som herjar,men ikkje sjølv er herja,du ransmann ¬som ingen har rana!Når du er ferdig med å herja,skal du herjast sjølv;når du sluttar å rana,skal dei rana deg.

2 Ver oss nådig, Herre, ¬vi ventar på deg!Ver du vår styrke kvar morgon,vår frelse når vi er i naud.

3 For di veldige røyst ¬rømer folka;når du reiser deg, ¬vert folkeslag spreidde.

4 Folk riv til seg hærfangsom når grashopper snøyer,som grashoppesvermarkastar dei seg over det.

5 Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge;han fyller Sion ¬med rett og rettferd.

6 Trygge tider skal du få sjå,ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap.Då skal age for Herren ¬vera Sions skatt.

7 Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute!Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred.

8 Vegane ligg aude,ingen ferdast på stigane meir.Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde;ingen bryr seg om menneske.

9 Landet sturer og visnar,Libanon sjuknar bort av skam,Saron er som den aude mark,Basan og Karmel misser lauvet.

10 No vil eg reisa meg, ¬seier Herren,no vil eg stå opp og stiga fram.

11 De er svangre med høy ¬og føder halm,min pust skal øyda dykk ¬som eld.

12 Folkeslag skal brennast til kalk,dei skal brennast ¬som avhoggen klunger.

13 Høyr kva eg vil gjera,de som er langt unna,og kjenn min styrke,de som er nær!

14 Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion,angst har gripe dei gudlause:«Kven kan bu ¬ved ein øydande eld?Kven kan bu ved evige logar?»

15 «Den som ferdast i rettferdog talar det som er rett,som seier nei til vinning ¬vunnen med vald,som veiftar med handa og viserat han ikkje tek muter,stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd,og lèt augo att ¬for det som er vondt,

16 han får bu på høge stader,bratte fjell er hans vern;han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»

17 Med eigne augo skal du skodaKongen i hans herlegdom,og du får sjå eit vidsveimt land.

18 Du skal tenkja på redsla ¬som rådde:Kvar er han som skreiv og vog,kvar er han som talde tårna?

19 Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket,folket med ¬det vanskelege språketsom ingen skjønar,med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.

20 Sjå på Sion,byen der vi held våre høgtider!Augo dine skal skodaJerusalem, den trygge stad,teltet som ikkje skal flyttast,med pluggar ¬som ikkje skal rivast,og snorer som aldri slitnar.

21 For der er Herren, ¬den veldige, med oss.Der skal breie elvar strøyma;men på dei skal båtar ikkje gåog stolte skuter ikkje fara.

22 For Herren er vår domar,han er vår hovding,Herren er vår konge,han frelser oss.

23 Slakt heng tauverket ¬på dine skip,det held ikkje masta på plassog held ikkje seglet utspent.Då kan folk skifta hærfang ¬i mengd,jamvel lame ranar og plyndrar.

24 Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.»Dei som bur der,har fått sine synder tilgjevne.