1 Domsord mot Tyrus. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip,for byen er herja, husa er borte!Då dei kom frå kittearlandet,fekk dei melding om det.
2 Ver stille, ¬de som bur utmed havet,og de som driv handel i Sidon!Over havet ¬fór dine utsende menn,
3 over dei store hav.Av korn som dei sår ved Sjikor,og korn som dei haustar ¬ved Nilen,hadde byen si inntekt;han handla med mange folk.
4 Ver skamfull, Sidon,du faste borg utmed havet!For så seier havet:«Eg har ikkje rier ¬og får ikkje born;unge gutar har eg ikkje ale,og unge jenter ¬har eg ikkje fostra.»
5 Når dei får høyra ¬om dette i Egypt,skjelv dei ved tidenda ¬om Tyrus.
6 Far over til Tarsis,set i med klagerop,de som bur utmed havet!
7 Er dette dykkar jublande by,som vart til i eldgamal tid,som førte sitt folk på raske føtertil framande land, ¬der dei kunne bu?
8 Kven har sett seg føre dettemot Tyrus, ¬dronninga mellom byar,der handelsmenn var fyrstarog kræmarar ¬stormenn på jorda?
9 Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føreå audmykja alt ¬som er stort og stolt,og vanæra alle stormenn ¬på jorda.
10 Dyrk jorda, de Tarsis-folk,så som dei gjer nedmed Nilen.Her er ikkje hamner meir.
11 Herren har rett ut si hand ¬over havetog fått kongerike til å skjelva.Han har sagt frå ¬at festningane i Kanaanskal jamnast med jorda.
12 Han seier: ¬Du skal ikkje jubla meir,du trælka møy, ¬du Sidons dotter.Stå opp ¬og dra til kittearlandet!Heller ikkje der ¬skal du finna ro.
13 Sjå, det var ikkje Assur, ¬men folket i Kaldeasom gjorde byen ¬til ei øydemark.Dei reiste sine ¬kringsetjingstårn,jamna borgene med jordaog la han i grus.
14 Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip,for borga dykkar er herja.
15 På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta:
16 Ta di lyreog gå ikring i byen,du gløymde skjøkje!Spela fagert,syng alt du kan,så folk kan minnast deg.
17 Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyrus. Då skal byen atter få horeløn og driva utukt med alle kongerike på den vide jord.
18 Men den vinning og løn som byen får, skal vera helga til Herren. Det skal ikkje sparast og gøymast. Dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten, så dei kan eta seg mette og kjøpa seg dyre klede.