1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus.
2 Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos.
3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda.
4 Kanskje Herren din Gud høyrer det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!»
5 Då kongsmennene kom til Jesaja,
6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg.
7 No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»
8 Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj, og møtte han medan han stridde mot Libna.
9 Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa:
10 «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.
11 Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga!
12 Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?
13 Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»
14 Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.
15 Hiskia bad til Herren og sa:
16 «Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.
17 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr alle dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud!
18 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt alle land og folkeslag.
19 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei.
20 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.»
21 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.
22 Og dette er det ordet Herren talar mot han:Ho hånar deg og spottar deg,Sions dotter, den unge møy;ho rister på hovudet etter deg,Jerusalem, den unge jenta.
23 Kven er det ¬du krenkjer og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.
24 Du lét dine tenarar ¬spotta Herrenog sa: ¬«Med mine mange vognerfór eg opp til dei høge fjell,langt inn på Libanon.Der felte eg høgvaksne sedrarog dei finaste sypressar.Eg nådde til den høgaste topp,der skogen står som ein hage.
25 Eg har grave etter vatnog drukke or framande kjelder.Med mine fotsolar turka eg utalle elvane i Egypt.»
26 Har du ikkje høyrt om dette?Eg planla det for lenge sidan;eg laga det så i eldgamal tid,og no har eg sett det i verk.Så kunne du øyda ¬festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.
27 Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.
28 Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.
29 Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du er komen.
30 Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.
31 Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.
32 For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.Dette skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera i sin brennhug.
33 Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjold,og ikkje kasta opp ein voll ¬imot han.
34 Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.
35 Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.
36 Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.
37 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.
38 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.