Jesaja 22 N78NN

Dom over Jerusalem

1 Domsord mot Syne-dalen. Kva er på ferde hjå deg,sidan alle har stige opp på taka,

2 du bråkande, ståkande by,du jublande, glade by?Dine falne er ikkje drepne ¬med sverd,dei er ikkje falne i strid.

3 Dine hovdingar rømde, ¬alle som ein,dei vart fanga ¬utan eit bogeskot.Alle mennene i byen ¬vart fanga,endå dei rømde langt av stad.

4 Difor seier eg:«Sjå bort ifrå meg!Eg må gråta sårt.Truga ikkje trøyst inn på megfordi folket mitt er herja.»

5 Ja, det kom ein dagfrå Herren, Allhærs Gud,med nedtrakking, ¬redsle og rådløysei Syne-dalen.Murar vart nedrivne,og skrik steig ¬opp mot fjellet.

6 Elam lyfte pilehuset,drog fram med vogner, ¬folk og hestar,og Kir tok dekket av skjolda.

7 I dei finaste dalane dinevar det fullt av vogner ¬og hestar;heilt fram til porten stod dei.

8 Og Herren tok sitt vern ¬frå Juda.Den dagen såg du deg ometter våpen og utstyr ¬i Skoghuset.

9 De såg at Davids-byen ¬hadde mange rivner.Så samla de vatnet ¬i Nedredammen,

10 talde husa i Jerusalemog reiv nokre ned ¬for å styrkja muren.

11 De laga ein kulp ¬mellom dei to muranefor vatnet frå Gamledammen.Men de såg ikkje opp til hansom gjorde dette,og vende ikkje augo mot hansom laga det så ¬for lenge sidan.

12 Den dagen kalla han dykk,Herren, Allhærs Gud,til å gråta og klaga,til å raka hovudetog kle dykk i syrgjeplagg.

13 Men her er glede og gaman,okseslakting og saueslakting,kjøteting og vindrikking.«Lat oss eta og drikka,for i morgon døyr vi!»

14 Men Herren, Allhærs Gud,har openberra seg for meg ¬og sagt:«Sanneleg, denne synda ¬skal ikkje sonastså lenge de lever!»seier Herren, Allhærs Gud.

Sjebna og Eljakim

15 Så seier Herren, Allhærs Gud:Gå inn ¬til slottsforvaltaren Sjebna,han som står føre huset!

16 Kva har du her, ¬og kven har du her,sidan du høgg deg ut ei grav?Du høgg ei grav på ein ¬høg stad,holar deg ut ein bustad i berget.

17 Sjå, Herren skal slengja ¬deg bort,slengja deg bort, ¬du sterke mann.Han grip deg,

18 rullar deg samanog kastar deg som ein ball ¬på open mark.Der skal du døy,og der skal ¬dine stasvogner enda,du skamflekk for huset ¬åt herren din!

19 Eg vil støyta deg bort ¬frå di stillingog riva deg ned frå din plass.

20 Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min.

21 Eg vil kle han i din bunad, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for Jerusalems-buane og Juda-folket.

22 Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp.

23 Eg slår han inn som ein nabb i fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.

24 Men så hengjer dei på han heile tyngda av farshuset hans, både renningar og blad og alle småkjerald, frå skåler til krukker.

25 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, skal han losna, nabben i den faste veggen. Han skal gå av og detta ned, og det som hang på han, skal knusast. For Herren har tala.