Jesaja 43 N78NN

Israels utløysing

1 Og no, så seier Herren,han som skapte deg, ¬Jakob,og laga deg, Israel:Ver ikkje redd!Eg har løyst deg utog kalla deg ved namn, ¬du er min.

2 Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg,gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort.Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg,og logen skal ikkje brenna deg.

3 For eg er Herren din Gud,Israels Heilage, din frelsar.Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg,Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4 Fordi du er dyr i mine augo,høgt akta og elska av meg,gjev eg menneske ¬i staden for deg,folkeslag for ditt liv.

5 Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Austanfrå vil eg henta di ætt,og vestanfrå vil eg samla deg.

6 Eg seier til nordheimen:«Kom med dei!»og til sørheimen:«Hald dei ikkje att!»Henta sønene mine ¬langt bortanfråog døtrene mine ¬frå heimsens ende,

7 alle som er kalla ¬med mitt namn,alle dei eg har skapt,ja, skapt og gjort til mi ære.

Einast Herren er Gud og frelsar

8 Før fram dette folket,eit folk som har augo, ¬men ikkje ser,og øyro, men ikkje høyrer.

9 Lat alle folka samla segog alle folkeslag møta!Kven av dei ¬kan kunngjera sliktog seia oss det ¬som før har hendt?Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett!Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!»

10 Men de er mine vitne, ¬seier Herren,og min tenar, ¬som eg har valt ut,så de skal kjenna meg ¬og tru på megog skjøna at eg er Gud.Før meg var ingen gud til,og etter meg ¬skal det ingen koma.

11 Eg, ja eg er Herren,og utan meg ¬finst det ingen frelsar.

12 Det er eg ¬som har kunngjort dette,eg har frelst og gjort det kjent;ingen framand gud ¬har gjort det.De er mine vitne, seier Herren.Eg er Gud,

13 og det er eg frå æve av.Ingen kan riva ut or mi hand.Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.

Babylon fell

14 Så seier Herren,dykkar utløysar, ¬Israels Heilage:For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylonog bryt ned alle bommane der;då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.

15 Eg er Herren, dykkar Heilage,Israels skapar, dykkar konge.

Sjå, eg skaper noko nytt

16 Så seier Herren,han som gjorde veg ¬gjennom sjøen,ein stig i det veldige vatnet,

17 som førte hestar og vogner,hær og hovdingar uti.Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje,dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det ¬som hende før,gjev ikkje akt ¬på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.No gror det fram.Merkar de det ikkje?Ja, eg legg veg i øydemarkaog stigar i den aude hei.

20 Dyra på marka skal æra meg,både sjakalar og strutsar.For eg gjev vatn i øydemarka,lèt elvar renna i den aude hei,så mitt utvalde folk ¬kan få drikka.

21 Det folket eg har skapt meg,skal forkynna min pris.

22 Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob,du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel.

23 Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlamog ikkje æra meg ¬med slaktoffer.Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåverog ikkje trøytta deg ¬med røykjelse.

24 Du har ikkje kjøpt meg ¬krydder for sølvog ikkje metta meg ¬med offerfeitt.Du har berre plaga meg ¬med dine synderog trøytta meg ¬med dine misgjerningar.

25 Eg, ja eg er den ¬som slettar utdine misgjerningar ¬for mi skuld,og dine synder ¬kjem eg ikkje i hug.

26 Stemn meg!Lat oss saman gå for retten!Legg fram di sak, ¬så du kan få rett!

27 Den fyrste far din synda,og dine talsmenn ¬sette seg opp mot meg.

28 Så laut eg vanæra ¬heilage hovdingar,lysa Jakob i bannog gje Israel til spott.