Jesaja 31 N78NN

Guds makt og menneskemakt

1 Ve dei som fer ned ¬til Egypt etter hjelpog set si lit til hestar,som stolar på vogner ¬fordi dei er mange,og på hestfolk ¬fordi dei er sterke,men ikkje vender seg ¬til Israels Heilageog ikkje søkjer råd hjå Herren.

2 Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma,sine ord tek han ikkje att.Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt,mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp.

3 Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud,deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd.Når Herren retter ut si hand,skal hjelparen snåva,og den som har fått hjelp, falla;og alle skal dei gå til grunne.

4 For så har Herren sagt til meg:Liksom løva, den unge løva,knurrar over sitt rovog ikkje vert skræmd ¬av gjætarars ropeller dukkar seg ned ¬når dei bråkar,om heile flokken samlar seg ¬mot henne,såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud,stiga ned og stridapå Sions fjell og haug.

5 Liksom fuglane ¬breier ut sine venger,skal Herren, Allhærs Gud,verna om Jerusalem.Han skal verna og berga,skåna og fria ut.

6 Vend om, de Israels søner,til han de fall så djupt ifrå!

7 Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykkavgudane av sølv og gull,som de sjølve har laga ¬– til synd.

8 Assur skal falla for eit sverdsom ikkje vert svinga ¬av menneske;det sverdet ¬som gjer ende på han,er det ikkje ein mann ¬som lyfter.Han skal røma for sverdet,og hans unge stridsmennskal setjast til tvangsarbeid.

9 Hans berg skal dra bort ¬i redsle,hans hovdingar røma frå fana.Så lyder ordet frå Herren,som har ein eld i Sion,ein omn i Jerusalem.