Jesaja 27 N78NN

1 Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd,det harde og store og sterke,straffa Leviatan,ormen som rømer så raskt,Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram.Han skal drepa draken ¬som er i havet.

Herren vaktar vingarden sin

2 Den dagen skal dei seia:Syng om den herlege ¬vingarden!

3 Det er eg, Herren, ¬som vaktar hanog vatnar han til kvar tid.Eg vaktar han dag og natt,så ingen skal skada han.

4 Eg er ikkje lenger harm.Men finn eg torn og tistel,då går eg til strid imot deiog brenner opp alt i hop,

5 – om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg,og gjer fred,ja, gjer fred med meg.

Israels frelse og fiendens straff

6 I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg,Israel skal veksa og blømaog fylla heile verda med frukt.

7 Har vel Herren slege Israelsom han slo dei ¬som slo hans folk?Eller har Israel vorte drepesom drapsmennene åt folket ¬vart drepne?

8 Du tukta folketdå du skræmde det opp ¬og jaga det bort.Herren støytte det frå segmed sin sterke pustden dagen det storma frå aust.

9 Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast,og dette er fruktanår hans synd vert bortteken:Alle altarsteinane ¬skal han knusa,som når kalkstein vert knust.Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltaraskal ikkje verta ståande.

10 Einsam ligg festningsbyen,ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka.Der går kalvar og beiter,dei roar seg der og et ¬kvar kvist.

11 Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av,kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei.For dette er eit uvitug folk.Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle,han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig.

Israels samling

12 Den dagen skal Herren ¬slå fruktene nedfrå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken,og de, Israels søner,skal samlast inn, ein for ein.

13 Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn.Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim attog dei som er spreidde i Egypt.Og dei skal tilbe Herrenpå det heilage fjellet ¬i Jerusalem.