Jesaja 62 N78NN

Sion får att sin herlegdom

1 For Sions skuld ¬vil eg ikkje teia,for Jerusalems skuld ¬vil eg ikkje vera still,før hennar rett ¬strålar fram med glansog hennar frelse ¬som ein brennande fakkel.

2 Då skal folkeslag sjå di rettferdog alle kongar din herlegdom.Du skal få eit nytt namn,som Herren sjølv skal gje deg.

3 Du skal vera ein herleg krans ¬i Herrens hand,ein kongeleg hovudprydnadi handa åt din Gud.

4 Du skal ikkje lenger kallast ¬«Den forlatne»,og ditt land skal ikkje meir ¬heita «Øydemark».Men du skal kallast ¬«Mi kjære»,og landet ditt ¬skal heita «Kone».For Herren skal ha deg kjær,og landet ditt skal takast ¬til ekte.

5 Som ein ungdom gifter seg ¬med ei møy,skal dine søner ta deg til ekte.Og som ein brudgom ¬gleder seg over si brur,skal din Gud gleda seg ¬over deg.

6 På murane dine, Jerusalem,har eg sett vaktmenn.Og dei skal aldri teiaanten dag eller natt.De som prisar Herren,unn dykk ikkje ro!

7 Lat heller ikkje han få rofør han byggjer opp att ¬Jerusalemog gjer byen til ein lovsong ¬på jorda.

8 Herren har svore ¬ved si høgre handog ved sin veldige arm:Aldri meir skal eg gje ditt korntil føde for dine fiendar,og ikkje skal framande ¬drikka din vin,som du har hatt møda med.

9 Nei, dei som haustar kornet,skal eta det og prisa Herren;og dei som sankar druene,skal drikka vineni mine heilage tempelgardar.

På heimveg

10 Dra ut, dra ut gjennom ¬portane,og ryd ein veg for folket!Bygg, ja bygg ein kongsvegog reinsa han vel for stein!Reis ei merkestong for folka!

11 Høyr, Herren lèt det ljomatil heimsens ende:Sei til Sions dotter:Sjå, di frelse kjem!Sjå, dei han fekk i løn, ¬er med han,dei han vann, går føre han.

12 Dei skal kallast ¬det heilage folket,dei som Herren har løyst ut.Og sjølv skal du kallast ¬den søkte,byen som ikkje ligg aud og tom.