Jesaja 17 N78NN

Damaskus og Efraim skal falla

1 Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus!Byen skal verta ein grushaug.

2 Byane kring Aroer ¬skal verta folketome;buskapar skal liggja ¬og kvila der,og ingen skal skræma dei.

3 Efraim skal missa si faste borgog Damaskus sitt kongedøme.Det som er att av Aram,skal ikkje ha større ære ¬enn Israel,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

4 Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom,hans gode hold tærest bort.

5 Det går som når skurdfolketsamlar aksa med armenog skjer dei av;det er som når ein sankar aksnede i Refa’im-dalen.

6 Berre ein etterhaust vert att,som når ein slår ned oliven:to – tre frukter øvst i treetog fire – fem på greinene,lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.

7 Den dagen skal mennesketsjå opp til sin skapar,og retta augo ¬mot Israels Heilage.

8 Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altarsom deira hender har gjort,eller sjå på det ¬deira fingrar har laga,Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara.

9 Den dagen skal ¬deira festningsbyarliggja så aude som dei staderhevittane og amorittane ¬drog bort ifrådå israelittane kom,og landet skal vera ¬ei øydemark.

10 For du har gløymt Gud, ¬din frelsar,berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug.Difor kan du planta ¬den finaste hageog setja framande vintre i han.

11 Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar,og spira den morgonen du sår,vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem,ein skade som ikkje kan ¬lækjast.

Den lagnad våre ransmenn får

12 Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk!Det brusar som havet.Høyr dønet av folkeætter!Det dyn som veldig vatn,

13 det er som duren ¬av mektige bylgjer.Men når Herren trugar dei,rømer dei langt av stad.Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane,som den kvervlande tistel ¬for stormen.

14 Om kvelden er det redsle ¬som rår,men før morgonen renn, ¬er dei borte.Så går det dei som ¬plyndrar oss,slik lagnad får dei ¬som ranar oss.