Jesaja 45 N78NN

Kyros, Herrens salvevigde

1 Så seier Herrentil den han har salva,til Kyros, som eg held ¬i hans høgre handfor å tvinga folkeslag ¬under han,løysa beltet av kongarog opna dører for han,så ingen port skal vera stengd.

2 Eg vil gå føre deg.Bakkar vil eg jamna,bronsedører vil eg sprengja,og jernbommar vil eg slå sund.

3 Eg vil gje deg skattar, ¬dulde i mørkret,og rikdomar, ¬gøymde på løynlege stader,så du skal vita at eg er Herren,Israels Gud, ¬som har kalla deg på namn.

4 For min tenar Jakobs skuld,for Israel, min utvalde,har eg kalla deg ¬og gjeve deg eit ærenamn,endå du ikkje kjende meg.

5 Eg er Herren, og ingen annan,utan meg finst det ingen Gud.Eg spente beltet om livet ¬på deg,endå du ikkje kjende meg,

6 så dei skal vita ¬både i aust og vestat det finst ingen annan ¬enn eg.Eg er Herren, og ingen annan.

7 Eg skaper ljoset,og eg lagar mørkret;eg skaper lukke og ulukke.Det er eg, Herren, ¬som gjer alt dette.

8 Lat det drypa ovanfrå, ¬du himmel,lat rettferd strøyma, de skyer!Jorda skal opna seg for det,og den frukt ho ber, er frelse,det ho lèt gro, er rettferd.Eg, Herren, skaper dette.

Kven kan døma om Herrens verk?

9 Ve den som trettar ¬med sin skapar– eit krusbrot ¬mellom krusbrot av jord!Kan leiret seia til han ¬som formar det:«Kva er det du gjer?»Kan verket seia:«Han har ikkje handlag»?

10 Ve den som seier til ein far:«Kva er det du avlar?»og til ei kvinne:«Kva er det du føder?»

11 Så seier Herren, Israels ¬Heilage,han som skaper dei ting ¬som kjem:Kvi spør de meg ¬om mine søner,kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?

12 Det var eg som laga jordaog skapte menneske der.Eg spente ut himmelen ¬med mine hender,og heile hans hær baud eg ut.

13 I rettferd har eg vekt ein mannog jamna alle hans vegar.Han skal byggja min byog senda heim ¬mitt bortførte folkutan vederlag, utan betaling,seier Herren, Allhærs Gud.

Gud som løyner seg

14 Så seier Herren:Du skal få all den rikdomsom egyptarane har samla ¬med sitt strevog nubiarane med sin handel.Og røslege karar frå Sebaskal koma og høyra deg til.Deg skal dei fylgja,og i lekkjer skal dei gå.For deg skal dei kasta seg ned,til deg skal dei fagnande seia:«Berre hjå deg er Gud;og det finst ingen annan,ingen annan Gud.»

15 Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg,du Israels Gud og frelsar.

16 Til spott og skam skal dei verta,alle som lagar gudebilete;med vanære skal dei gå bort.

17 Men Israel finn frelse ¬hjå Herren;ei evig frelse skal det vera.De skal aldri verta ¬til spott og skam.

For Herren skal kvart kne bøya seg

18 Ja, så seier Herren,som skapte himmelen,han, den einaste Gud,som laga og forma jordaog gjorde hennar ¬grunnvollar faste,som ikkje skapte henne ¬til ei audn,men laga henne til bustad ¬for folk:Eg er Herren, og ingen annan.

19 Eg har ikkje tala i det dulde,ein stad i det mørke land.Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:«Søk meg i det aude og tome!»Eg, Herren, talar sanningog forkynner det som er rett.

20 Samla dykk og kom,stig fram i lag,de som har sloppe ¬unna folkeslaga!Dei skjønar ingenting,dei som ber sine gudebilete ¬av treog bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa.

21 Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak,ja, berre rådlegg saman!Kven har kunngjort ¬dette føreåtog forkynt det for lenge sidan?Er det ikkje eg, Herren?Utan meg er det ingen Gud;det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud.

22 Vend deg til meg og få frelse,heile du vide jord!For eg er Gud, og ingen annan.

23 Ved meg sjølv har eg svore,eit sanningsord har gått ut ¬or min munn,eit ord som eg ikkje tek att:For meg skal kvart kne ¬bøya seg,kvar tunge ¬skal sverja meg truskap.

24 Om meg skal dei seia:«Berre hjå Herren ¬er frelse og styrke.»Til han ¬skal dei skamfulle koma,alle som harmast på han.

25 Ved Herren ¬skal dei vinna rettferd,og av han skal dei rosa seg,alle som er av Israels ætt.