Jesaja 56 N78NN

Mitt hus skal kallast eit bønehus

1 Så seier Herren:Hald lov og rett,og gjer det som rett er!For mi frelse er nær, ho kjem,og mi rettferd skal syna seg.

2 Sæl er den som gjer det eg vil,kvart menneske ¬som held fast ved det,så han held sabbatenog ikkje vanhelgar han,og vaktar si hand,så han ikkje gjer vondt.

3 Den framande ¬som har slutta seg til Herren,må ikkje seia:«Herren vil skilja meg ut ¬frå sitt folk.»Og den som er gjeld, ¬må ikkje seia:«Eg er berre eit turt tre.»

4 For så seier Herren:Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar,som vel å gjera det eg vil,og held fast ved mi pakt,

5 dei gjev eg ¬minnesmerke og namni mitt hus ¬og innan mine murar.Eg gjev dei det som betre erenn søner og døtrer: ¬eit evig namn,som aldri skal rydjast ut.

6 Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren,som vil tena Herren ¬og elska hans namnog vera hans tenarar,alle som held sabbatenog ikkje vanhelgar han,men held fast ved mi pakt,

7 dei fører eg til mitt heilage fjellog lèt dei gleda seg ¬i mitt bønehus.Deira brennoffer og slaktofferskal vera til hugnad ¬på mitt altar.For mitt hus skal kallasteit bønehus for alle folk.

8 Ja, så lyder ordet ¬frå Herren vår Gud,som samlar dei bortdrivne ¬av Israel:Endå fleire vil eg samlaenn dei som alt er komne.

Israels leiarar er blinde

9 Kom, alle dyr i marka,kom og et, alle dyr i skogen!

10 Israels vaktmenn er alle blinde,dei merkar ingen ting.Alle er dei mållause hundar,som ikkje kan gøy.Dei ligg og drøymerog likar å sova.

11 Men grådige hundar er dei,aldri vert dei mette.Og slike folk ¬skal vera hyrdingar,dei som ikkje veit å passa på!Dei vender seg alle ¬sin eigen veg,kvar til si eiga vinning.

12 «Kom, eg skal henta vin,så vi kan drikka oss fulle!Og morgondagen ¬skal verta som denne,ein stor og herleg dag.»