Jesaja 49 N78NN

Herrens tenar vitnar om kallet sitt

1 Høyr på meg,de øyar og strender,lyd etter, de folk langt borte!Frå mors liv ¬har Herren kalla meg,frå mors fang ¬har han nemnt mitt namn.

2 Han har gjort min munn ¬til eit kvast sverdog løynt meg i skuggen ¬av si hand.Han har gjort meg ¬til ei kvass pilog gøymt meg i sitt pilehus.

3 Han sa til meg:«Du er Israel, min tenar,på deg vil eg syna ¬min herlegdom.»

4 Men eg sa:«Til fåfengs har eg streva,til unyttes har eg øydt ¬mi kraft.Min rett er likevel hjå Herren,mi løn er hjå min Gud.»

5 «Og no,» seier Herren,som frå mors livhar skapt meg til sin tenar,til å føra Jakob attende til hanog samla Israel hjå han– eg er gjæv i Herrens augo,og min Gud ¬har vorte min styrke,

6 «det er for lite ¬at du er min tenarsom skal reisa opp att ¬Jakobs ætterog føra heim att ¬den frelste flokken av Israel.Eg vil gjera deg ¬til eit ljos for folkeslag,så mi frelse kan nå ¬til heimsens ende.»

Heim frå fangenskapet

7 Så seier Herren,Israels utløysar, ¬Israels Heilage,til han ¬som alle vanvørder og skyr,til han som er træl ¬under valdsherrar: Kongar skal sjå det ¬og reisa seg,fyrstar skal kasta seg ned,for Herrens skuld, ¬han som er trufast,for Israels Heilage, ¬som valde deg ut.

8 Så seier Herren:I nådens tid bønhøyrer eg deg,på frelsesdagen hjelper eg deg.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket.Du skal atterreisa landetog skifta ut odelsgrunnsom ligg aud og snau,

9 og seia til fangane: «Gå ut!»til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!» Langs vegane skal dei finna matog beite på alle snaue høgder.

10 Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta,korkje sol eller hete ¬skal skada dei.For han som miskunnar dei,skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder.

11 Eg gjer alle fjell til farande veg,mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare.

12 Sjå, langt bortanfrå kjem dei,somme frå nord ¬og somme frå vestog somme frå Sinim-landet.

13 Jubla, du himmel, ¬og fegnast, du jord!Set i med glederop, de fjell!For Herren trøystar sitt folk,han viser miskunn ¬mot sine armingar.

Herren gløymer ikkje Sion

14 Men Sion seier:«Herren har forlate meg,min Gud har gløymt meg.»

15 Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt,har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde?Og om ei mor kan gløyma,så gløymer ikkje eg deg.

16 Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender,dine murar har eg ¬alltid for auga.

17 Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit,og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde,fer bort ifrå deg.

18 Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren,du skal ta dei på deg ¬som eit smykke,og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.

19 No vert det for trongt for deg,det aude og snaue ¬og øydelagde landet.Og borte er dei ¬som ville tyna deg.

20 Dei born du fekk ¬då du var barnlaus,skal endå ein gong seia til deg:«Denne staden er meg ¬for trong.Flytt deg, så eg kan få bu her!»

21 Då skal du tenkja med deg:«Kven har født meg desse?Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda,landlyst og bortdriven.Kven har fostra desse?Eg sat einsam att.Kvar kjem desse frå?»

22 Så seier Herren vår Gud:Sjå, eg lyfter mi hand ¬til teikn for folkeslagog reiser mitt merke for folka.Så kjem dei med sønene dine ¬i armen,og døtrene dine ber dei ¬på aksla.

23 Kongar skal vera fosterfedrar ¬for degog deira dronningar ¬barnfostrer.Dei skal kasta seg til jorda ¬for degog slikka støvet for dine føter.Då skal du skjøna ¬at eg er Herren,og at dei som set si von til meg,ikkje skal verta til skammar.

24 Kan nokon ta hærfang ¬frå ein krigar,kan fangar sleppa frå ¬ein valdsmann?

25 Ja, så seier Herren:Fangar skal takast ¬frå krigaren,og hærfang skal bergast ¬frå valdsmannen.Eg vil strida mot dei ¬som strider mot deg,og borna dine vil eg frelsa.

26 Eg lèt dei som trælka deg,eta sitt eige kjøtog drikka sitt blod ¬som druesaft.Og alle menneske skal skjønaat eg er Herren, din frelsar,Jakobs Veldige, din utløysar.