Jesaja 26 N78NN

Takkesong

1 Den dagen skal dei syngjadenne songen i Juda: Vi har ein sterk by.Murar og festningsvollarer reiste til vern for oss.

2 Lat opp portane,så det kan dra inn,det rettferdige folketsom held fast på sin truskap.

3 Den som er fast i hugen,han lèt du alltid ha fred,for han set si lit til deg.

4 Så lit då alltid på Herren,for Herren er eit evig fjell!

5 Han støyter ned dei ¬som bur i det høge,i ein utilgjengeleg by.Han jamnar byen med jordaog styrtar han i støvet.

6 Armingar og fattigfolkskal trakka han under fot.

Lengsle og tillit i nauda

7 Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige,for dei rettvise banar du veg.

8 Herre, vi ventar på degog fylgjer den veg ¬du har fastsett.Vi lengtar og stundaretter deg og ditt namn.

9 Om natta stundar mi sjel ¬etter deg,ja, ånda i meg søkjer deg.Når dei held seg ¬til dine lover på jorda,lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

10 Får den gudlause nåde,lærer han ikkje rettferd.Han gjer urett i landetder rett skulle rå,og ser ikkje Herrens velde.

11 Herre, di hand er lyft,men det ser ingen.Lat dei skjemmast ¬når dei får sjådin brennhug for folket.Lat eld øyda dine ¬motstandarar!

12 Herre, du hjelper oss til fred.For alt det vi har gjort,det òg har du gjort for oss.

13 Herre, vår Gud! Andre enn duhar hatt herredøme over oss.Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14 Døde livnar ikkje,daudingar står ikkje opp.For du har kravt dei ¬til rekneskap,gjort ende på deiog rudt ut kvart minne om dei.

15 Du har gjort folket stort, Herre,gjort det stort og vunne ære,du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16 Herre, dei søkte deg i nauda,og kviskra fram bønerdå du tukta dei.

17 Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skriknår riene kjem og ho skal føda,så har du laga det for oss, ¬Herre.

18 Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk,men det er som føder vi vind.Vi har ikkje gjeve landet frelse,ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

19 Dine døde skal verta levande,mine lik skal stå opp.Vakna og rop av fryd,de som bur i molda!For di dogg er ei lysande dogg,og jorda gjev døde ¬attende til livet.

20 Gå inn i kovane dine, mitt folk,og lat att dørene etter deg!Gøym deg ei lita stund,til vreiden går over!

21 For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad;han vil straffa dei ¬som bur på jorda,for deira synd og skuld.Då skal jorda la koma for dagendet blod som er utrent der,og ikkje lenger løyna ¬dei drepne.