Jesaja 48 N78NN

No forkynner eg noko nytt

1 Høyr dette, ¬du Jakobs ætt,de som ber Israels-namnetog har runne or Judas kjelde,de som sver ved Herrens namnog prisar Israels Gud,men ikkje i sanning ¬og rettferd!

2 Dei kallar seg ¬etter den heilage byenog stør seg til Israels Gud.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

3 Det som har hendt, ¬har eg kunngjort føreåt,or min munn gjekk det ut, ¬eg forkynte det;brått greip eg inn, ¬og det skjedde.

4 Eg visste at du er strid,at nakken din er ei jernsenog panna di som bronse.

5 Så kunngjorde eg det føreåt,lét deg vita det før det hende,så du ikkje skulle seia:«Dette har mitt ¬gudebilete gjort,min gud av tre og metall ¬har laga det så.»

6 Du har høyrt og sett det alt.Må de ikkje sanna det?Men no forkynner eg ¬noko nytt,dulde ting som du ikkje ¬veit om.

7 No vert det skapt og ikkje før,du har ikkje høyrt om det ¬før i dag,så du ikkje skulle seia:«Det visste eg!»

8 Du har korkje høyrt ¬eller visst det,eller før fått øyra opp for det.Eg visste då vel ¬kor trulaus du er,frå mors liv ¬har du heitt ein svikar.

9 For mitt namn skuld ¬døyver eg min harme,for mi ære skuld tøymer ¬eg megog rydjar deg ikkje ut.

10 Eg har reinsa deg, ¬men ikkje som sølv,eg har prøvt deg ¬i lidingsomnen.

11 For mi eiga skuld ¬grip eg no inn.Kor ville eg elles verta vanæra!Mi ære gjev eg ingen annan.

Kyros er send av Herren

12 Høyr på meg, Jakob,du Israel, som eg har kalla!Eg er den same, eg er den fyrste,og eg er den siste òg.

13 Ja, mi hand har ¬grunnfest jorda,mi høgre hand ¬breidde himmelen ut.Eg kalla dei fram,og dei stod der begge.

14 Kom saman, alle, og høyr!Kven av dykk ¬har kunngjort dette?Han som Herren elskar,skal fullføra hans vilje ¬mot Babelog syna hans makt ¬mot kaldearfolket.

15 Eg har tala, og eg har kalla han,eg har sendt han ¬og lèt ferda hans lukkast.

16 Kom hit til meg og høyr dette:Frå fyrste stund tala eg ope,og så snart det hende, ¬var eg der.«No har Herren vår Gudsendt meg og sin Ande.»

Å, ville du høyra på mine bod!

17 Så seier Herren, din utløysar,Israels Heilage:Eg er Herren din Gud,som lærer deg det som gagnar,og fører deg ¬den vegen du skal gå.

18 Å, ville du lyda på mine bod!Då vart din fred som elva,di rettferd ¬som havsens bylgjer.

19 Då vart di ætt så tallaus ¬som sanden,dine etterkomarar ¬som sandkorna;deira namn vart aldri strokeog ikkje sletta hjå meg.

Heim frå Babylonia

20 Dra ut or Babylon, ¬bort frå Kaldea!Forkynn det med jubel, ¬rop det ut,lat det nå til heimsens ende:Herren har løyst ut Jakob, ¬sin tenar.

21 Dei tyrstar ikkjenår han fører dei i øydemarka,vatn or berget ¬lèt han sildra åt dei;han kløyver fjell, ¬og vatnet renn.

22 Dei gudlause har ingen fred, ¬seier Herren.