Jesaja 9 N78NN

1 Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.

Fredsfyrsten

2 Det folket som ferdast ¬i mørkret,skal sjå eit stort ljos;over dei som bur i ¬skuggelandet,skal ljoset stråla.

3 Du lèt dei fegnast,gjer gleda stor.Dei gleder seg for ditt åsynsom ein gleder seg ¬i kornskurden,som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.

4 For det tunge åket,stonga over nakken deiraog staven åt drivaren deira,har du brote sund ¬som på Midjans dag.

5 Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny,og kvar kappe dregen i blod,skal brennast og verta til føde ¬for elden.

6 For eit barn er oss født,ein son er oss gjeven.Herreveldet kviler ¬på hans aksler,og han skal kallast:Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud,Evig Far, Fredsfyrste.

7 Så skal herredømet ¬verta stortog freden utan endeover Davids kongsstolog over riket hans.Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppemed rett og rettferdfrå no og til evig tid.I sin brennhugskal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.

Gud retter ut si hand til straff

8 Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob,det har slege ned i Israel.

9 Dei har fått merka det, ¬heile folket,dei som bur i Efraim ¬og Samaria.Men stolte og hovmodige ¬sa dei:

10 «Teglsteinsmurar ¬har rasa saman,vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein.Morbærtre er felte,vi plantar sedertre i staden.»

11 Då lét Herren Resin,deira fiende, ¬reisa seg mot dei,og han eggja ¬deira motstandarar.

12 Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vestog slukte Israel med vidope ¬gap.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

13 Men folket vende ikkje omtil han som slo det,dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.

14 Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale,palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.

15 Dei eldste og stormennene ¬er hovudet,profetane som lærer lygn, ¬er halen.

16 Dei som førte dette folket, ¬førte vilt,og dei som lét seg leia, fór vilt.

17 Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deiraog hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer;for alle var gudlause ¬og gjorde vondt,kvar einaste munn ¬tala dårskap.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

18 Ja, gudløysa brenn som eldog øyder torn og tistel;ho set tjukke skogen i brann,og røyken stig høgt til vers.

19 Landet er sett i brannfordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm,og folket vert til føde ¬for elden.Det er ingen ¬som sparer sin bror.

20 Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne,dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette.Kvar og ein et sin neste,

21 Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse,og saman kastar dei seg ¬over Juda.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.