Jesaja 6 N78NN

Gud kallar Jesaja til profet

1 I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet.

2 Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei.

3 Dei ropa til kvarandre:«Heilag, heilag, heilag ¬er Herren Sebaot.All jorda er full ¬av hans herlegdom.»

4 Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk.

5 Då sa eg:«Ve meg! Det er ute med meg.For eg er ein mann ¬med ureine lipper,og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper,og augo mine har sett Kongen,Herren, Allhærs Gud.»

6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret.

7 Med den rørte han ved munnen min og sa:«Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine.Di skuld er borte, ¬di synd er sona.»

8 Så høyrde eg Herrens røyst:«Kven skal eg senda,og kven vil gå for oss?»Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!»

9 Og han sa:«Gå og sei til dette folket:Høyr og høyr, men håtta ikkje!Sjå og sjå, men skjøna ikkje!

10 Gjer hjarta hardt på ¬dette folket,gjer øyro tunghøyrde, ¬klin augo att,så det ikkje ser med augoeller høyrer med øyroeller skjønar med hjartaog vender om og vert lækt!»

11 Då spurde eg: «Kor lenge, Herre?» Han svara:«Til byane er aude ¬og folketome,til husa står utan folk,og landet ligg ¬som ei øydemark.»

12 Langt bort ¬skal Herren senda folket,audt og tomt skal det verta ¬i landet.

13 Og finst det enno att ¬ein tiandepart,skal den òg øydast ut,som når ei eik ¬eller terebinte vert felt,og berre ein stuv står att.Stuven skal vera ¬eit heilagt sæde.