Jesaja 29 N78NN

Jerusalems trengsle og utfriing

1 Usæl Ariel, Ariel,byen der David slo leir!Legg berre år til år,lat høgtider koma og gå!

2 Eg vil føra trengsle over Ariel– då vert det sorg og sut,og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.

3 Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg,kasta opp vollar ikring degog reisa skansar mot deg.

4 Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda,mulla fram dine ord frå støvet.Di røyst skal stiga ¬som daudingmål,dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.

5 Men så vert flokken ¬av dine fiendarsom fint støvog hopen av valdsmenn ¬som fykande agner.Brått, i ein augneblink,

6 kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud,med bulder og brak ¬og veldig døn,med vindkast, ¬storm og øydande eld.

7 Som ein draum, ¬som eit syn om natta,vert dei borte, ¬dei mange folkeslagsom strider mot Ariel,som går til åtak ¬på byen og borgaog fører trengsle over han.

8 Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymerog tykkjer at han får mat:Når han vaknar, ¬er han like svolten.Det går som når ¬den tyrste drøymerog tykkjer at han drikk;han vaknar maktlaus og tyrst.Så går det ¬med dei mange folkeslagsom strider mot Sion-fjellet.

Eit synkvervt folk

9 Stir på kvarandre, ¬fulle av undring,lat augo klinast att, ¬og ver blinde!Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin,og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

10 For Herren har rent ut ¬over dykkei ånd som valdar tung svevn.Han har late att augo dykkar ¬– profetane,og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.

11 Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

12 Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»

Menneskebod og Herrens visdom

13 Herren sa: Fordi dette folketheld seg nær til meg ¬med munnenog ærar meg med lippene,medan hjarta er langt borte ¬frå meg,og fordi deira age for meger menneskebod ¬som dei har lært seg,

14 difor vil eg framleis ¬fara underleg fram,underleg og underfullt ¬mot dette folket.Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgåog klokskapen ¬åt dei kloke kverva.

Krusmakaren og leira

15 Ve dei som nede i det djupeløyner for Herren ¬det dei har føre!Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkretog seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»

16 Kor bakvendt de tenkjer!Skal ikkje krusmakarenaktast høgare enn leira?Kan verket seia ¬om handverkaren:«Han har ikkje laga meg,»og kjeraldet om krusmakaren:«Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?

Den store snunaden

17 No er det berre ei lita stund,så skal Libanon ¬verta ein frukthage,og det som no er frukthage,skal reknast for skog.

18 Den dagen skal dei døve høyraord som står skrivne i bok,og ut or mørker og dimmeskal blinde augo sjå.

19 Dei hjelpelause skal attergleda seg i Herren,og dei fattige skal jublaover Israels Heilage.

20 For borte er valdsmannen,ute er det med spottaren,og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,

21 dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige,la snarer for den ¬som hevda retten på tinget,og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.

22 Difor, så seier Herren,han som er Gud for Jakobs ætt,han som fria ut Abraham:No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar,hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.

23 For når han ¬og borna hans får sjådet mine hender ¬har gjort imellom dei,då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt,dei skal helga Jakobs Heilageog ottast Israels Gud.

24 Dei som fer vilt i sine tankar,skal læra skjøn,og dei som murrar,skal få visdom.