Jesaja 25 N78NN

Valdsmenns velde er slutt

1 Herre, du er min Gud.Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn.For i truskap og sanning ¬har du fullførtdei under du planla i gamal tid.

2 Du gjorde byen til ei steinrøys,festningsbyen til ein grushaug.Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda,ho skal aldri byggjast meir.

3 Difor skal eit mektig folk ¬æra deg,i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg.

4 Du vart eit vern ¬for dei verjelause,eit vern for dei fattige ¬i deira naud,ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete.For valdsmenns fnysinger som styrtregn mot muren,

5 som hete i eit utturka land.Du døyvde bråket ¬åt dei framande.Som ei sky ¬gjev skugge mot hetenvart songen ¬åt valdsmenn døyvd.

Herrens gjestebod

6 På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera eit gjestebod for alle folk,eit gjestebod med feite retter,eit gjestebod med gamal vin,med feite, mergfulle retterog gamal, klåra vin.

7 På dette fjellet skal han ta bortdet sløret som ligg ¬over alle folk,det sveipet som er lagt ¬over alle folkeslag.

8 Han skal gjera døden ¬til inkjes for alltid.Herren vår Gud skal turkatårene av alle andlet.Sitt folks vanære ¬skal han ta bortfrå heile jorda.For Herren har tala.

Israels frelse og Moabs undergang

9 Den dagen skal dei seia:«Sjå, dette er vår Gud!Vi venta på han,og han frelste oss;dette er Herren som vi ¬venta på.Lat oss gleda og fagna oss ¬over hans frelse!»

10 For Herrens hand skal kvilaover dette fjellet.Men moabittane skal trakkast ¬ned i sitt land,liksom halm vert nedtrakka ¬i gjødselvatn.

11 Der breier dei ut sine henderlik den som legg på sum.Men Herren bøyer ¬deira hovmodkor dei så kavar med hendene.

12 Dine høge festningsmurar ¬støyter han ned,han jamnar dei med jordaog styrtar dei i støvet.