Jesaja 34 N78NN

Domen over Edom

1 Kom hit og høyr, ¬de folkeslag,lyd etter, de folkeætter!Jorda og alt som fyller henne, ¬skal høyra,jordheimen og alt som ¬lever der.

2 For Herren er harm på alle folk,han er vreid på heile deira hær.Han har bannstøytt deiog gjeve dei til slakting.

3 Dei drepne vert slengde ¬til sides;teven stig frå lika,og blodet renn på fjella.

4 Heile himmelhæren ¬går i oppløysing,himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull.Heile hans hær skal visnasom lauvet på vintreet visnar,og frukta på fikentreet ¬turkar inn.

5 Når sverdet mitt har sløktsin torste på himmelen,då fer det ned over Edom,det folk eg har bannlyst ¬og dømt.

6 Herrens sverd er fullt av blod,det er metta med feitt,med blod av lam og bukkar,med nyrefeitt av verar.For Herren held offerslakting ¬i Bosra,ei stor nedslakting i Edom.

7 Saman med folket ¬skal villoksar falla,unge stutar og sterke oksar.Landet skal drikka seg ¬utyrst av blodog jorda gjødslast med feitt.

8 For det er ein hemnardag ¬for Herren,eit attergjeldsår ¬i striden for Sion.

9 Bekkene i Edom ¬skal verta til bekog molda til svovel;ja, landet skal verta ¬til brennande bek.

10 Korkje dag eller natt ¬skal det slokna,evig skal røyken stiga frå det.Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt,aldri skal nokon ¬fara igjennom det.

11 Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige,ugle og ramn skal bu i det.Herren strekkjer mælesnor ¬og loddut over landet,og det vert audt og snautt.

12 Det finst ikkje stormenn der,og ingen ¬som kan ropast ut til konge;det er ute med alle hovdingar.

13 I slotta veks klunger,i borgene nesle og tistel.Landet vert ein heim ¬for sjakalar,ein tilhaldsstad for strutsar.

14 Ville hundar ¬og ørkendyr møtest,raggetroll ropar til kvarandre.Der slår Lilit seg òg til roog finn seg ein kvilestad.

15 Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg,han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen.Der samlast gribbane ¬med kvarandre.

16 Sjå etter i Herrens bok og les!Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta,ingen av dei ¬skal sakna dei andre.For påbodet kjem ¬frå Herrens munn,det er hans Ande ¬som samlar dei.

17 Sjølv har han kasta lodd ¬for dei;med mælesnor i si handskifter han ut landet.Dei skal ta det i eige ¬for alle tiderog bu der frå ætt til ætt.