Jesaja 16 N78NN

Moab bed Sion om hjelp

1 Send nokre verlam ¬til landsens herre,frå Sela i øydemarkatil Sions fjell og by!

2 Som flaksande fuglar,som fugleungar, ¬skræmde or reiret,skal Moabs døtrer veraved Arnons vadestader.

3 «Gjev oss råd, ¬og finn ein utveg!Lat skuggen din verna ossmidt på dagen ¬som var det natt.Løyn dei bortdrivne,svik ikkje dei som har rømt!

4 Lat dei bortdrivne frå Moabfinna tilhald hjå deg!Ver ei livd for deimot fienden som herjar!»Når hardferda er til endeog herjinga slutt,når dei som trakkar ned ¬for fote,er borte frå landet,

5 då skal ein kongsstol reisast ¬i truskap,og på den skal det ¬i sanning sitjaein domar, i Davids telt,ein som legg vinn på rettferdog med iver gjer det ¬som er rett.

Moabs hovmod og fall

6 Vi har høyrtkor store og stolte ¬moabittane er;kaute er deiog hovne og frekke ¬og store i ord.

7 Difor jamrar moabittane,alle jamrar over Moab.Motlause sukkar deiover mennene i Kir-Hareset.

8 Ja, Hesjbons vingardar ¬har turka bort,vintrea i Sibma står visne.Dei raude druene ¬som voks der,vart slegne til jorda ¬av herrar over folkeslag.Vintrea nådde heilt til Jaserog spreidde seg ut ¬i øydemarka.Rankene strekte seg vidt ikringog nådde ut over sjøen.

9 Difor græt eg med Jaserover vintrea i Sibma.Eg vatnar deg med ¬tårene mine,Hesjbon og El’ale.For over di frukt og di grødelèt fienden krigsropet ljoma.

10 Glede og jubel ¬har kvorve frå hagane.Det er ingen som jublar ¬i vingardane,der lyder ikkje glederop.Ingen trakkar druer ¬i vinpressene,dei glade rop er stilna.

11 Difor bivrar mitt brystsom lyrestrenger for Moab;mitt hjarta bivrar for ¬Kir-Heres.

12 Men når moabittane stig framog trøyttar seg ut ¬på offerhaugen,når dei går til sin heilagdom ¬og bed,så får dei ingen ting.

13 Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.

14 Men no seier Herren: Om tre år – så som ein leigekar reknar åra – skal det folkerike Moab med all si ære verta vanvørdt. Det som vert att, skal vera ynkeleg lite og kraftlaust.