Jesaja 21 N78NN

Fallen er Babylon

1 Domsord mot det aude landet ved havet. Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev,så kjem det frå øydemarka,frå landet der redsle rår.

2 Eit fælsleg syn har eg fått sjå:Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar.«Rykk fram, du Elam!Gå til strid, du Media!Kvar sukk gjer eg ende på.»

3 Difor skjelv mine hofter,eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne.Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra,så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå.

4 Min hug er fortumla,eg skjelv av redsle.Skumringa ¬som eg stunda etter,er no min skrekk.

5 Dei dukar bord ¬og breier ut teppe,dei et og drikk.«Reis dykk, hovdingar,smør olje på skjold!»

6 For så har Herren sagt til meg:«Gå og set ut ein vaktpost!Det han ser, skal han melda!

7 Ser han eit tog ¬med vogner og hestar,eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar,då skal han lyda etter,lyda vel etter.»

8 Og vaktmannen ropa:«Herre, dagen lang ¬står eg på vakt,eg er på min post ¬kvar einaste natt.

9 Sjå, der kjem eit tog av vognermed folk og hestespann.»Så tek han til ords og seier:«Fallen, fallen er Babylon!Alle gudebileta i byener knuste og slengde til jorda.»

10 Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk!Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud,frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.

Dom over Edom og arabarane

11 Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir:«Vaktmann, kor langt på natt,kor langt på natt?»

12 Vaktmannen svarar:«Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt.Vil de spørja, så spør!Kom att ein annan gong!»

13 Domsord mot arabarane. Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa,de som kjem i karavane ¬frå Dedan.

14 Møt dei tyrste og gjev dei vatn,de som bur i Tema!Kom med brød til dei ¬som er på flukt!

15 Dei har då rømt for sverd,for dregne sverd ¬og spente bogarog frå den harde striden.

16 For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar.

17 Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala.