1 Eg hadde svar til dei ¬som ikkje spurde,eg var å finna for dei ¬som ikkje søkte meg.Til eit folk ¬som ikkje kalla på meg,sa eg: «Her er eg, her er eg!»
2 Heile dagen ¬rette eg ut mine hendertil eit trassig folk,som gjekk på vonde vegarog fylgde sine eigne tankar.
3 Beint opp i andletet på megeggjar folket meg støtt ¬til harme.Dei ber fram slaktoffer ¬i haganeog brenner offer på teglstein.
4 Dei held til i graveneog ligg i holer om natta.Dei et svinekjøt,har ureint sodd i skålene
5 og seier: «Hald deg unna,rør meg ikkje,eg er heilag for deg!» Dette gjer at vreiden min ryk,han logar som eld heile dagen.
6 Sjå, det står skrive for ¬mitt åsyn:Eg vil ikkje teiafør eg får gjeve dei att,ja, gjeve dei att ¬midt oppi fanget
7 både for deira brot, ¬seier Herren,og for brota åt fedrane deira.Dei brende offer på fjellaog vanæra meg på haugane.Så mæler eg opp i fanget på deiløna for det dei før har gjort.
8 Så seier Herren:Når det finst saft i druene,seier ein: «Øydelegg dei ikkje,for det er velsigning i dei!»Sameleis gjer eg ¬med mine tenarar;eg skal ikkje tyna dei alle.
9 Eg lèt ei ætt gå fram av Jakob,av Juda ein arving til mine fjell.Mine utvalde ¬skal ta landet i eige,og der skal mine tenarar bu.
10 Saron skal verta til sauebeiteog Akor-dalen til storfelægerfor dei av mitt folk ¬som søkjer meg.
11 Men de som har gått bort ¬frå Herrenog gløymt mitt heilage fjell,som dukar offerbord for Gadog skjenkjer krydda vin ¬for Meni,
12 dykkar lagnad ¬skal vera sverdet,alle skal de bøya dykk ¬til slakting.For de svara ikkje når eg ropa,og høyrde ikkje når eg tala,men gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.
13 Difor, så seier Herren vår Gud:Sjå, mine tenarar skal eta,men de skal svelta,mine tenarar skal drikka,men de skal tyrsta.Sjå, mine tenarar skal fegnast,men de skal skjemmast,
14 mine tenarar skal jubla ¬av hjartans lyst,men de skal skrika ¬av hjartesorgog jamra dykk i vonløyse.
15 Det namn som de lèt ¬etter dykk,skal mine utvalde brukatil eit forbanningsord:«Gjev Herren vår Gud ¬lèt deg døy som dei!»Men mine tenarar ¬skal få eit anna namn.
16 Den som søkjer velsigning ¬i landet,skal velsigna seg ¬ved den trufaste Gud,og den som gjer eid i landet,skal sverja ¬ved den trufaste Gud.For dei førre trengsler ¬er gløymde,ja, løynde for augo mine.
17 Sjå, eg skaperein ny himmel og ei ny jord.Det som var, ¬skal ingen minnast,aldri meir skal det komast ¬i hug.
18 Ja, gled og fryd dykk til evig tidover det som eg skaper!For eg skaper Jerusalem omtil ein jublande byog dei som bur der,til eit lukkeleg folk.
19 Og eg vil fryda meg ¬over Jerusalemog gleda meg over mitt folk.Aldri meir skal det høyrastgråt eller klagerop i byen.
20 Der skal det ikkje lenger ¬finnast bornsom lever berre nokre dagar,eller gamle som ikkje nårdet fulle dagetalet sitt.Nei, ung er den ¬som døyr hundre år gamal,og den som ikkje vert hundre,må vera forbanna.
21 Hus skal dei byggjasom dei sjølve får bu i,vingardar skal dei plantaog sjølve eta frukta.
22 Dei skal ikkje byggja ¬så andre får bu,og ikkje planta så andre får eta.Dei som høyrer folket mitt til,skal nå same alder som treet;dei eg har valt ut,skal få nyta frukta av ¬sitt arbeid.
23 Dei skal ikkje streva ¬til inga nytteog ikkje få born ¬som brått må døy.For dei er ei ætt, ¬velsigna av Herren,dei får ha sine born hjå seg.
24 Og før dei ropar, skal eg svara,medan dei enno talar, ¬vil eg høyra.
25 Ulv og lam skal beita saman,og løva skal eta halm ¬som oksen,men ormen skal ha mold ¬til mat.Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagnpå heile mitt heilage fjell, ¬seier Herren.