Jesaja 32 N78NN

Når kongen råder med rettferd

1 Når kongen råder ¬med rettferd,og stormenn styrer med rett,

2 då vert kvar av dei ¬som ei livd mot vindenog som eit skjol mot styrtregn,som rennande bekker ¬i turt land,som skuggen av eit mektig fjellpå jord som tyrstar etter vatn.

3 Dei som har augo å sjå med,skal ikkje vera blinde,og dei som har øyro ¬å høyra med,skal lyda etter.

4 Dei som ikkje tenkjer seg om,skal læra å skjøna;dei stamme skal tala ¬lett og klårt.

5 Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjævog skarven ikkje ein ¬adelsmann.

6 For ein dåre talar dårskap,i sitt hjarta ¬legg han vonde planar:Han vil gjera gudlaus gjerning,tala vilt og vrangt mot Herren,la den sveltande sakna matog den tyrstande vanta drikke.

7 Skarvens våpen er vonde,han legg skamlege planar.Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn,og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett.

8 Men gjæv mann ¬legg gjæve planar,han står fast ¬på det som er gjævt.

Sorg og klage før frelsestida kjem

9 De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst!De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale!

10 År etter år skal de skjelva, ¬de trygge;for vinhausten slår feil,og det kjem ingen frukthaust.

11 Skjelv, de sorglause kvinner,ja, skjelv av redsle, de trygge!Kled dykk nakne,bind syrgjeplagg om hoftene!

12 Slå dykk for bringa, ¬lat klagerop lydaover fagre marker ¬og gode vintre,

13 over åkrane åt folket mitt,der torn og tistel skyt opp,ja, over kvar lukkeleg heimi den jublande byen!

14 For slottet ligg tomt,og den ståkande hopen ¬er borte frå byen.Haugen og vakttårnet ¬har for alltidvorte til opne marker,der villesel gler segog buskapar beiter.

15 Så skal det veratil ånd frå det høge ¬vert utrend over oss.Då skal øydemarka ¬verta frukthage,og frukthagen ¬skal reknast for skog.

16 Rett skal bu i øydemarkaog rettferd ¬i det grøderike landet.

17 Rettferda skal koma med fred,og rettferds frukt ¬er evig ro og tryggleik.

18 Mitt folk skal bu ¬i eit fredeleg land,i trygge heimar, ¬der dei sorglaust kan kvila.

19 Skogen skal fellast og falla,byen skal siga i røys.

20 Sæle er de ¬som sår attmed alle bekker,som lèt okse og esel ¬gå fritt ikring!