1 Så seier Herren:Himmelen er ¬min kongsstolog jorda skammel ¬for mine føter.Kva slag hus ¬kan de byggja åt meg,kva slag bustad kan de ¬gje meg?
2 Alt dette har eg skapt ¬med mi hand,såleis vart det til, seier Herren.Desse ser eg nådig til:dei arme som kjenner seg ¬knusteog skjelv for mitt ord.
3 Den som slaktar ein okse,er lik ein manndrapar,den som ofrar eit lam,er lik ein hundemordar,den som ber fram grødeoffer,er lik den som ofrar svineblod,den som brenner røykjelse,er lik den som hyller ¬ein avgud.Dei som gjer dette,har valt sine eigne vegar;dei held av sine fæle ¬gudebilete.
4 På same måten vel eg ògå la det gå dei illeog føra over deidet dei går og gruar for.For ingen svara når eg ropa,og ingen høyrde når eg tala.Dei gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.
5 Høyr kva Herren seier,de som skjelv for hans ord!Brørne dykkar som hatar dykkog støyter dykk bort ¬for mitt namn skuld,dei seier: ¬«Lat Herren syna seg herleg,så vi kan sjå kor glade de vert!»Men dei skal verta til skammar.
6 Høyr larmen frå byen!Høyr omen frå templet!Høyr, Herren gjev ¬sine fiendar likafor det dei har gjort!
7 Før riene kjem, ¬har kvinna født,før ho vert sjuk, ¬har ho fått ein gut.
8 Kven har høyrt noko slikt,kven har sett noko liknande?Kjem eit land til ¬på ein einaste dag,vert eit folk født ¬på ein augneblink?Men Sion fødde sine bornmed det same riene kom.
9 Skulle eg opna morslivog ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren.Skulle eg la fødsla ta tilog så halda fosteret att?seier din Gud.
10 Gled dykk med Jerusalem,og jubla over henne,alle de som har henne kjær!Fegnast med henne,alle de som syrgjer over henne!
11 Så skal de suga og mettastved hennar trøystefulle barm,ja, drikka og gleda dykkved hennar herlege bryst.
12 For så seier Herren:Sjå, til Sion leier eglukke og fred som ei elv,og dit skal rikdomen ¬åt folka komasom ein fløymande bekk.Dei skal bera hennar born ¬på armenog vogga dei på fanget.
13 Som ei mor trøystar son sin,såleis vil eg trøysta dykk,ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14 De skal sjå det ¬med glede i hjarta,de skal gro ¬som det grøne graset.Herrens tenarar ¬skal kjenna hans hand,men fiendane får merka ¬hans vreide.
15 For sjå, Herren kjem ¬som ein eld,hans vogner som ein storm.Han slepper sin vreide laus ¬som ein brannog sine trugsmål som logar.
16 For med eld ¬skal Herren halda dom,med sitt sverd ¬skal han slå kvart menneske;mange er dei som Herren ¬feller.
17 Dei som helgar og reinsar segnår dei går til haganei lag med ein som går i midten,dei som et svinekjøt,mus og annan styggedom,dei skal alle gå til grunne,lyder ordet frå Herren.
18 Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom.
19 Eg vil gjera eit teikn mellom dei og senda nokre av dei som er berga, ut til folka – til Tarsis, Put, Lud, Mesjek, Rosj, Tubal og Javan – og til øyane og strendene langt borte, der dei ikkje har høyrt om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal forkynna min herlegdom mellom folkeslaga.
20 Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag, som ei offergåve til Herren – til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar. Dei skal koma til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, som når israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus.
21 Og jamvel av dei vil eg ta nokre til prestar og levittar, seier Herren.
22 For liksom den nye himmelenog den nye jorda ¬som eg skaper,alltid skal stå for mitt åsyn,så skal òg dykkar ætt ¬og namn stå seg,lyder ordet frå Herren.
23 Kvar nymånedag, ¬frå månad til månad,og kvar sabbatshelg, ¬frå veke til veke,skal alle menneske komaog bøya seg og tilbe meg,lyder ordet frå Herren.
24 Og når dei så fer bort,skal dei sjå lika av dei mennsom reiste seg mot meg.Makken deira skal ikkje døyog elden deira ikkje slokna;dei skal vera ei gru ¬for alle menneske.