Jesaja 61 N78NN

Eit nådeår frå Herren

1 Herrens Ande ¬er over meg;for Herren Gud har salva meg.Han har sendt meg ¬til å forkynnaein gledebodskap ¬for armingar,til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta,til å ropa ut fridom for fangarog frigjering for dei bundne.

2 Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren,ein dag med straff frå vår Gud.Eg skal trøysta alle som syrgjer,

3 og gje dei syrgjande i Sionhovudprydnad i staden ¬for oske,gledeolje ¬i staden for syrgjekledeog lovsong ¬i staden for motløyse.Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre,som Herren har plantafor å syna sin herlegdom.

4 Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar,reisa det ¬som før vart lagt i øyde,byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar,som låg der aude frå ætt til ætt.

5 Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer,utlendingar skal dyrka ¬dykkar jordog stella dykkar vingardar.

6 Men de skal kallast ¬Herrens prestar,tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk.Rikdomen åt folka ¬skal de nyta,og deira skattar skal de få.

7 De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam. Dei som leid vanære,skal jubla over sin lut.Dobbel arv skal dei få i landet,evig glede skal dei ha.

8 «For eg er Herren, ¬som elskar rettog hatar ran og urett.Trufast vil eg gje dei lønog gjera ei evig pakt med dei.

9 Namngjeten vert deira ætt ¬mellom folkeslaga,deira etterkomarar ¬mellom folka.Alle som ser dei, skal skjønaat dei er ei ætt ¬som Herren har velsigna.»

10 Eg vil gleda meg storleg ¬i Herren,mi sjel skal jubla i min Gud.For han har kledt meg ¬i frelsesskrudog sveipt meg ¬i rettferds kappe,lik ein brudgom ¬som pryder sitt hovud,lik ei brur ¬som tek på seg sine søljer.

11 For liksom jorda ¬lèt groen renna,og hagen lèt sædet brydda,så skal Herren vår Gudla rettferd gro framog lovsong lyda ¬for alle folkeslag.