1 Reis deg i stråleglans!For ljoset ditt kjem,og Herrens herlegdom ¬renn opp over deg.
2 Sjå, mørker ligg over jordaog skydimme over folka.Men over deg ¬strålar Herren fram,over deg ¬syner hans herlegdom seg.
3 Mot ditt ljos skal folkeslag fara,mot din strålande glans ¬skal kongar gå.
4 Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Dine søner ¬kjem langt bortanfrå,dine døtrer ¬vert borne på armen.
5 Då skal du sjå det ¬og stråla av glede,hjarta skal banka og vida ¬seg ut.For havsens rikdom ¬strøymer imot deg,skattane åt folka kjem til deg.
6 Kamelar i mengd fyller landet,kamelfolar frå Midjan og Efa.Dit kjem alle frå Saba,gull og røykjelse ¬fører dei med seg.Med glede forkynner dei ¬Herrens pris.
7 Alle sauer frå Kedar ¬samlast hjå deg,verar frå Nebajot ¬står til di teneste.Til glede for meg ¬skal dei ofrast på mitt altar,og eg vil pryda ¬mitt herlege tempel.
8 Kven er dessesom kjem lik drivande skyer,lik duer som flyg til sine hus?
9 Øyar og strender ventar ¬på meg.Fremst går Tarsis-skipa.Langt bortanfrå ¬fører dei dine sønerog deira gull og sølv med dei,til ære for namnet ¬åt Herren din Gud,for Israels Heilage, ¬som gjev deg slik heider.
10 Framande skal byggja ¬dine murar,og deira kongar skal tena deg.I min harme har eg slege deg,men i min nåde ¬miskunnar eg deg.
11 Dine portar skal alltid ¬stå opne,korkje dag eller natt ¬skal dei stengjast,så rikdomen åt folka ¬kan førast til degog kongane deira ¬i fangeflokken.
12 For det folk og det rikesom ikkje vil tena deg,skal gå til grunne,og folkeslag skal rydjast ut.
13 Til deg kjem ¬Libanons herlege tre,både sypress og gran ¬og buksbom;dei skal pryda den stadder min heilagdom står,og æra den stadder eg set min fot.
14 Sønene til dei som trælka deg,kjem og bøyer seg djupt ¬for deg.Alle som vanvørde deg,kastar seg ned for dine føter.Dei skal kalla deg Herrens by,Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til.
15 Før sat du einsam og hata,ingen såg innom deg.Men no gjer eg deg stor ¬for alltid,til ei glede frå ætt til ætt.
16 Då skal du suga mjølk frå folka,ved kongars bryst ¬skal du næra deg.Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar,at Jakobs Veldige ¬er din utløysar.
17 Eg gjev deg gull ¬i staden for koparog sølv i staden for jern;eg gjev deg kopar ¬i staden for treog jern i staden for stein.Fred lèt eg råda over degog rettferd styra deg.
18 Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land,om herjing og øyding ¬innan dine grenser.Du skal kalla dine murar Frelseog dine portar Lovsong.
19 Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dageneller månen om natta.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig,din Gud skal vera ¬din herlegdom.
20 Aldri meir skal sola di gladaeller månen din missa ¬sin glans.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig.Dine syrgjedagar er enda.
21 I ditt folk ¬skal alle vera rettferdige,dei skal eiga landet til evig tid.Dei er ei plante i min hage,eit verk eg har gjort til mi ære.
22 Den minste skal verta til tusen,den ringaste til eit mektig folk.Eg er Herren,og eg lèt det henda,brått, i si tid.