Jesaja 8 N78NN

Damaskus og Samaria skal falla

1 Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.»

2 Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.

3 Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Du skal kalla han Brått-hærfang, Snøgt-rov.

4 For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.»

Siloa eller Storelva

5 Herren tala atter til meg og sa:

6 Fordi dette folket vanvørderSiloa-vatnet, som renn så stilt,og misser motet ¬for Resin og Remalja-sonen,

7 sjå, difor lèt Herren Storelvakoma over dei ¬i store, stride straumar– assyrarkongen ¬og heile hans velde.Ho skal stiga ¬over alle sine bardarog fløyma ¬over alle sine bredder.

8 Ho trengjer seg inn i Juda,kjem veltande og renn utover;ho når heilt opp til halsen ¬på folk.Med sine utbreidde venger ¬fyller ho ditt land,så vidt som det er, Immanuel!

9 Lat hærropet lyda, de folk!Like fullt skal de skjelva ¬av redsle.Lyd etter, alle land langt borte!Bu dykk til strid, ¬de skal verta forfærde,ja, bu dykk, ¬de skal verta forfærde!

10 Legg ein plan, ¬han skal verta til inkjes!Tal eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.

Ottast Herren, Allhærs Gud!

11 Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:

12 Kall ikkje alt for samansverjingsom dette folket ¬kallar samansverjing!De skal ikkje ottast ¬og ikkje skjelvafor det som folket ottast.

13 Herren, Allhærs Gud,han skal de halda heilag.Han skal de ottastog for han skal de skjelva.

14 Han skal vera ein heilagdom,ein støytestein og eit berg ¬til fallfor begge Israels rike,ei snare og ei fellefor dei som bur i Jerusalem.

15 Mange av dei skal snåva;dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og verta fanga.

Vitnemål og venting

16 Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine.

17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han.

18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.

19 Men om dei seier til dykk:«Vend dykk til gjengangarar ¬og spådomsånder,til dei som kviskrar og mumlar!Skal ikkje eit folk venda seg ¬til sine gudarog spørja dei døde til råds ¬for dei levande?»

20 Til ordet og til vitnemålet!Er dei ikkje samde i dette,det folket som ikkje ser ¬ein ljosstråle,

21 så skal dei fara gjennom landet, ¬forkomne og svoltne.Og når dei svelt, vert dei harmeog forbannar sin konge ¬og sin Gud.Anten dei vender seg ¬mot det høge

22 eller ser ut over jorda,er det naud og natt, ¬trengsle og mørker;ut i svarte natta er dei støytte.