Jesaja 50 N78NN

Har eg ikkje kraft til å frelsa?

1 Så seier Herren:Kvar er det ¬skilsmålsbrevetsom eg har sendt mor dykkar ¬bort med?Eller kven hadde krav på meg,så eg laut selja dykk til han?Nei, de vart selde ¬fordi de synda,og mor dykkar vart bortsend ¬fordi de sveik meg.

2 Kvifor fann eg ingen då ¬eg kom,kvifor fekk eg ikkje svar ¬då eg ropa?Er mi hand for kort til å frelsa,har eg ikkje kraft til å berga?Med eit trugande ord ¬legg eg sjøen turrog gjer elvar til øydemark,så fisken døyr av torsteog ligg og rotnar ¬fordi vatnet er borte.

3 Eg kler himmelen i svartog sveiper han i syrgjebunad.

Herrens tenar er tillitsfull i trengsler

4 Herren min Gud har gjeve megei læresveins-tunge,så eg med mitt ord ¬kan styrkja den trøytte.Kvar morgon ¬vekkjer han mitt øyra,så eg kan høyra ¬på læresveins vis.

5 Herren min Gud ¬har opna mitt øyra.Eg sette meg ikkje imotog drog meg ikkje unna.

6 Min rygg baud eg fram ¬til dei som slo,mine kinn til dei ¬som reiv meg i skjegget.Eg gøymde ikkje mitt andletfor vanære og spytt.

7 Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp;difor skjemmest eg ikkje.Difor gjer eg andletet ¬hardt som flint,og eg veit at eg ikkje ¬vert til skammar.

8 Han er nær,han som hjelper meg ¬til min rett.Kven vil føra sak mot meg?Lat oss møtast for retten!Kven er min motpart?Lat han stiga fram!

9 Sjå, Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp.Kven vil døma meg skuldig?Dei vert alle utslitne ¬som ein kledning,mòl skal eta dei opp.

10 Dei av dykk ¬som har age for Herren,skal høyra på hans tenar.Den som ferdast i mørkerog ikkje ser det minste ljos,han kan lita på Herrens namnog stø seg til sin Gud.

11 Men de som kveikjer opp eldog skyt brannpiler ¬til alle kantar,gå inn i den logande elden,mellom pilene ¬som de har kveikt!Frå mi hand ¬kjem dette over dykk,i pinsle skal de liggja.