Jesaja 40 N78NN

Gledebod til Jerusalem

1 Trøysta, ¬trøysta mitt folk,seier dykkar Gud.

2 Tala mildt til Jerusalemog ropa til henneat striden hennar er enda,at skulda hennar er kvitta,at ho har fått av Herrens handdobbelt for alle sine synder.

Ryd veg for Herren!

3 Høyr, det er ein som ropar ¬i heia:Ryd veg for Herren,lag gjennom øydemarkaein kongsveg for vår Gud!

4 Kvar dal skal hevjast,kvart fjell, ¬kvar haug skal jamnast.Bakket land skal verta sletteog kollane flat mark.

5 Herrens herlegdom ¬skal syna seg,og alle menneske skal sjå det.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.

Guds ord står fast

6 Høyr, det er ein som seier: ¬«Forkynn!»Eg spør: ¬«Kva skal eg forkynna?»«Alle menneske er som graset,og all deira herlegdom ¬som blomen på marka.

7 Graset turkar bort, ¬og blomen visnarnår Herrens ande blæs på dei;ja, i sanning, folk er som gras.

8 Graset turkar bort, ¬og blomen visnar,men ordet frå vår Gud ¬står fast til evig tid.»

Herren fører folket heim

9 Stig opp på høge fjellet,du Sions gledebod!Lat røysta ljoma,Jerusalems fagnadbod!Lat røysta ljoma, reddast ikkje!Sei til byane i Juda:«Sjå, der er dykkar Gud!»

10 Sjå, Herren din Gud ¬kjem med velde,hans arm gjev han herredøme.Dei han fekk i løn, er med han,dei han vann, går føre han.

11 Som ein hyrding ¬skal han gjæta si hjord.Han skal samla lamma i armenog bera dei ved barmen,og lamsauene skal han leia.

Ingen er som Gud

12 Kven har mælt havet ¬med si handog himmelen ¬med utspente fingrar?Kven samla molda på jorda ¬i skjeppe,vog fjella på vektog haugane i vektskåler?

13 Kven har rettleitt ¬Herrens Ande,kven har lært han ¬og gjeve han råd?

14 Kven har han samrådt ¬seg med,så han kunne gje han skjøn,læra han å gjera det rette,gje han kunnskapog syna han vegen til visdom?

15 Sjå, folka er som ein drope ¬på eit spann,som støvfjom på ei vektskål ¬å rekna;jamvel øyar og strender ¬veg ikkje meir enn dust.

16 Libanon har ikkje skog nok ¬til brenselog ikkje dyr nok til brennoffer.

17 Som inkje er alle folk ¬for Herren,han reknar dei ¬for reine inkjevetta.

18 Kven vil de då likna Gud med,kva kan de setja opp mot han?

19 Eit gudebilete vert støypt ¬av ein meister,ein gullsmed kler det med gullog lagar sølvkjeder til det.

20 Den som skal laga ¬eit gudebilete,vel seg tre som ikkje morknar,og leitar opp ein kunnig ¬meistertil å gjera eit bilete ¬som står støtt.

21 Veit de det ikkje,har de ikkje høyrt det?Er det ikkje kunngjort dykk ¬frå fyrste stund?Har de ikkje skjøna detfrå heimsens grunnvoll ¬vart lagd:

22 Herren tronar over ¬jordkrinsen,og dei som bur der, ¬er som grashopper.Han breier ut himmelen ¬som eit slør,spenner han ut ¬som eit telt til å bu i.

23 Han lèt fyrstar gå til grunneog rydjar ut styresmenn ¬på jord.

24 Knapt er dei planta,knapt er dei sådde,knapt har dei røtt seg i jorda,så blæs han på dei, ¬og dei visnar,og stormen føykjer dei bort ¬som strå.

25 «Kven vil de likna meg med,kven er eg lik?» ¬seier Den Heilage.

26 Lyft augo mot det høge og sjå:Kven var det som skapte ¬desse?Han som mønstrar deira hær ¬og fører dei utog nemner dei alle med namn.Hans kraft er så stor ¬og hans styrke så veldigat det vantar ikkje ein.

27 Kvifor talar du så, Jakob,kvifor seier du, Israel:«Min veg er løynd for Herren,min Gud bryr seg ikkje ¬om min rett»?

28 Veit du det ikkje, ¬har du ikkje høyrt det?Herren er den evige Gudsom skapte den vide jord.Han vert ikkje trøytt, ¬han vert ikkje mødd,hans vit kan ingen grunda ut.

29 Han gjev den trøytte kraft,og den som ingen krefter har,gjev han stor styrke.

30 Gutar vert trøytte og mødde,unge karar snåvar og fell.

31 Men dei som ventar på Herren, ¬får ny kraft;dei lyfter vengene som ørnar,dei spring og trøytnar ikkje,dei går og mødest ikkje.