Jesaja 55 N78NN

Kom til meg!

1 Å, alle de tyrste, ¬kom og få vatn!Og de som ikkje har pengar, ¬kom!Kjøp korn og et!Ja, kom og kjøp utan pengarog utan betaling vin og mjølk!

2 Kvi gjev de ut pengarfor det som ikkje er brød,og dykkar arbeidslønfor det som ikkje kan metta?Å, høyr på meg!Så skal de få eta ¬det som godt er,og gleda dykk over feite retter!

3 Vend øyra hit og kom til meg,høyr, så skal de få leva!Så gjer eg med dykk ei ¬evig paktog syner dykk trufast ¬mi miskunn,så som eg gjorde mot David.

4 Han sette eg til eit vitne ¬for folk,til hovding og fyrste ¬for folkeslag.

5 Ja, du skal kalla på folk ¬du ikkje kjenner,og folk som ikkje kjenner deg,skal skunda seg til deg;for Israels Heilage, ¬Herren din Gud,har gjeve deg ære og ¬herlegdom.

Søk Herren medan han er å finna!

6 Søk Herren ¬medan han er å finna,kall på han ¬den stund han er nær!

7 Den gudlause må venda seg ¬frå sin vegog ugjerningsmannen ¬frå sine tankarog snu om til Herren,så skal han visa miskunn,til vår Gud,for han er rik på tilgjeving.

8 For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar,og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren.

9 Nei, så høg som himmelen ¬er over jorda,så er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegarog mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar.

10 Liksom regnet og snøenfell ifrå himmelenog ikkje fer opp att dit,før dei har vatna jordaog gjeve henne grorkraft ¬og grøde,ja, gjeve såkorn ¬til den som skal så,og brød til den som skal eta,

11 så er det òg med mitt ord,det som går ut or min munn.Det vender ikkje tomt tilbake ¬til meg,men gjer det eg vil,og fullfører det eg sender ¬det til.

12 Ja, med glede skal de dra utog førast lukkeleg fram.Fjell og haugarskal møta dykk med jubelrop,og alle tre på markaskal klappa i hendene.

13 I staden for klungerskal det veksa sypressar,og myrt i staden for nesler.Det skal vera til ære for Herren,eit evig teiknsom aldri skal strykast ut.