Jesaja 46 N78NN

Herren er alltid den same

1 Bel sig saman, ¬og Nebo fell.Deira bilete vert lagde ¬på lastdyr og fe.Dei som før vart borne ¬av dykk,ligg no som ei bør ¬på trøytte dyr.

2 Dei sig og stuper, alle saman,dei kan ikkje berga ¬dei som ber dei,men må sjølve fara or landet.

3 Høyr på meg, du Jakobs ætt,alle som er att av Israels hus,de som er borne frå mors livog lyfte på hender ¬frå mors fang:

4 Alt til dykkar alderdom ¬er eg den same,til de grånar i håret, ¬skal eg bera dykk.Det har eg gjort, ¬og det skal eg gjera,ja, eg skal bera og berga dykk.

5 Kven vil de setja opp mot megog likna meg med?Kven vil de halda ¬for jamliken min?

6 Somme auser ut gull or pungenog veg opp sølv på vekt.Dei leiger ein gullsmed ¬som lagar ein gud;så bøyer dei seg ned ¬og tilbed han.

7 Dei tek han på aksla, ¬ber han bortog set han på plass.Så står han derog rører seg ikkje av flekken.Ropar dei til han, ¬svarar han ikkje,han bergar dei ikkje or naud.

8 Tenk på dette og ver faste,ta det til hjarta, de svikarar!

9 Tenk på det som hende før,heilt ifrå eldgamal tid!For eg er Gud, og ingen annan,eg er Gud, ¬og det finst ingen som eg.

10 Eg kunngjer frå opphavet ¬dei siste ting,varslar føreåt ¬det som skal henda.Eg seier: «Den plan eg har lagt, ¬står fast,og alt eg vil, det gjer eg.»

11 Eg kallar hit ein rovfugl ¬frå aust;frå eit land langt borte ¬kallar eg han,den mannen ¬som set min plan i verk.Eg har tala og lèt det koma,eg har tenkt det ¬og lèt det henda.

12 Høyr på meg, ¬de stridlyndte menn,de som er så langt frå rettferd.

13 Eg fører hit mi rettferd,ho er ikkje langt borte,mi frelse dryer ikkje.Så gjev eg frelse på Sionog lèt Israel ¬få sjå min herlegdom.