Jesaja 51 N78NN

Guds frelse skal vara evig

1 Høyr på meg,de som jagar ¬etter rettferd,de som søkjer Herren!Sjå på det fjellet ¬de er hogne utor,det steinbrotet de er tekne frå!

2 Sjå på Abraham, far dykkar,og på Sara, som fødde dykk!Han var berre éin ¬då eg kalla han,men eg velsigna hanog gav han ei talrik ætt.

3 Ja, Herren skal trøysta Sion,trøysta alle hennar aude tufter.Han gjer hennar øydemark ¬lik Eden,hennar aude hei ¬lik Herrens hage.Der skal fryd og glede råda,der skal takkesong ¬og jubeltonar lyda.

4 Høyr på meg, mitt folk,vend øyra til, mi folkeætt!For lov går ut frå meg,eg set min rett til ljos for folka.

5 Mi rettferd er nær,mi frelse er i kjømda,mine armar skal hjelpa folka ¬til deira rett.Øyar og strender ventar ¬på meg,dei biar på min sterke arm.

6 Lyft augo mot himmelen,og sjå på jorda her nede!For himmelen ¬skal kverva som røyk,jorda skal slitast ut ¬som ein kledning,og dei som bur der, ¬skal døy som mygg.Men mi frelse skal vara evig,mi rettferd skal aldri få ende.

7 Høyr på meg,de som kjenner rettferd,du folk som har mi lov i hjarta!Ottast ikkje ¬når menneske spottar,reddast ikkje når dei hånar!

8 For dei skal verta ¬som mòletne klede,lik ullty som åt har øydt.Men mi rettferd skal vara evig,mi frelse frå ætt til ætt.

Gud skal hjelpa Sion som i gamle dagar

9 Vakna, vakna, du Herrens arm,og kled deg i styrke!Vakna som i gamle dagar,som i framfarne tider!Var det ikkje du ¬som felte Rahabog gjennombora draken?

10 Var det ikkje du ¬som turrla sjøen,som turka ut vatnet ¬i det store djupog gjorde havbotnen til veg,så det frelste folket ¬kunne fara der?

11 Herrens utløyste ¬skal venda heim att.Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,med evig glede om si panne.Fryd og glede skal møta dei,sorg og sukk må røma.

12 Eg er den som trøystar dykk.Kven er då dusom reddast menneske ¬som må døy,menneskeborn som visnar ¬liksom graset?

13 Kvifor gløymer du Herren, ¬din skapar,han som spente ut himmelenog grunnfeste jorda?Kvifor skjelv du støtt, ¬heile dagen,for valdsmanns heite harmenår han siktar på å tyna deg?Kvar vert det vel ¬av hans harme?

14 Snart skal den bundne ¬sleppa fri;han skal ikkje døy og gå i grav,og ikkje skal han vanta brød.

15 Eg er Herren din Gud,som rører opp havet, ¬så bårene brusar.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

16 Eg har lagt mine ord ¬i din munnog gøymt deg i skuggen ¬av mi hand.Eg som spente ut himmelenog grunnfeste jorda,seier til Sion: «Du er mitt folk.»

Vakna, Jerusalem!

17 Vakna, vaknaog reis deg, Jerusalem,du som laut drikkadet vreidestaupetsom du fekk av Herrens hand,og tøma til botnarden skåla som gjorde deg ør!

18 Det var ingen som ¬leidde henne,av alle dei søner ho fekk,ingen tok henne i handa,av alle dei born ho fostra.

19 Ulukker råka deg, to og to– kven viste medkjensle ¬med deg? –vald og våde, svolt og sverd– kven trøysta deg?

20 Maktlause låg dine sønerpå alle gatehjørne,som ein antilope i garnet,metta av Herrens ¬brennande vreide,av trugsmålet frå din Gud.

21 Så høyr då dette, du arming,du som er drukken, ¬om ikkje av vin!

22 Så seier Herren, ¬din Herre og Gud,som strider for sitt folk:Sjå, no tek eg ut or di handden skåla som gjorde deg ør;aldri meir skal du tøma ¬mitt vreidestaup.

23 Eg retter det til dei ¬som plaga deg,til dei som sa: «Legg deg ned,så vi kan få trø på deg!»Og du laut gjera din rygg ¬lik flate marka,lik ein veg for ferdafolk.