1 «Kvar er din ven faren,du fagraste av kvinner?Sei, kvar har din ven ¬teke vegen,så vi kan vera med deg ¬og leita.»
2 «Min ven gjekk ned ¬i hagen sin,til dei angande blomesenger.Han ville gjæta i haganeog sanka liljer der.
3 Min ven er min, og eg er hans,han som gjæter mellom liljer.»
4 Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad,yndefull som Jerusalem,ageleg som ein hær ¬under merke.
5 Vend augo dine frå meg,dei villar meg.Ditt hår er som ein geiteflokk,dansande nedetter ¬Gileads fjell.
6 Dine tenner er som sauer,nett komne or laug.Tvillingar har dei alle,og ingen av dei ¬har mist sine lam.
7 Som ei skive av eit granatepleer di panne attom sløret.
8 Seksti dronningar er der,åtti fylgjekonerog terner utan tal.
9 Men berre ei er mi due,mi lytelause, reine,einaste barnet til mor si,gullabarnet åt ho ¬som fødde henne.Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl;dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.
10 «Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden,fager som fullmånen, ¬skir som solaog ageleg ¬som ein hær under merke?»
11 Eg gjekk ned i natahagen,ville sjå kor det grønkast ¬i dalen,om vintreet hadde sett ¬nye skot,om granataplane blømde.
12 Men før eg vardest,fylgde eg mine hugskotog steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.
13 «Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente!Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!»«Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jentanår ho rekkjedansen trør?»