Høgsongen 4 N78NN

Alt hjå deg er fagert

1 Kor fager du er, ¬min hugnad!Kor fager du er!Dine augo attom sløret ¬er som duer.Ditt hår er som ein geiteflokk,dansande nedetter Gileads ¬fjell.

2 Dine tenner ¬er som nyklypte sauer,nett komne or laug.Tvillingar har dei alle,og ingen av dei ¬har mist sine lam.

3 Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor,og yndefull er din munn.Som ei skive av eit granatepleer di panne attom sløret.

4 Din hals er som Davids-tårnet,bygt til våpenhus.Tusen skjold heng der inne,alle er skjold åt kjemper.

5 Din barm ¬er som to rådyrkalvar,som tvillingar åt ei hind,beitande mellom liljer.

6 Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,går eg til myrraåsen,til haugen der røykjelse angar.

7 Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad.Det finst ikkje lyte på deg.

Mi syster, mi brur

8 Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur,kom med meg frå Libanon!Stig ned frå Amanas tind,frå toppen av Senir ¬og Hermon,frå løveheimar, frå panterfjell.

9 Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur.Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast,med ei av lekkjene om din hals.

10 Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur!Din kjærleik er betre enn vin,og angen av dine salvarmeir ljuvleg enn balsam.

11 Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur.Honning og mjølk ¬er under di tunge.Angen av kleda dineer som angen på Libanon.

12 Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur,ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.

13 Dine lemer er som ein lund ¬av granataplarmed den gildaste frukt,av hennabuskar ¬og nardusplanter,

14 nardus, krokus, kalmus ¬og kanelog angande tre av alle slag,myrra, aloë ¬og alle slag balsam.

15 Du er som kjelda i ein hage,ei oppkome ¬med sildrande vatn,som bekker frå Libanon.

16 «Vakna, nordavind!Kom, sønnavind!Blås igjennom min hage,så angen får strøyma fritt.Gjev min ven ville koma ¬til sin hageog eta hans herlege frukt!»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8