1 Atter såg eg ¬på alle dei valdsverksom vert gjorde under sola.Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka,og ingen trøysta dei.Valdsmennene bruka makt,og ingen trøysta.
2 Då prisa eg dei døde sæle,dei som var borte ¬for lenge sidan.Dei er betre farne ¬enn dei levande,enn dei som enno er i live.
3 Men sælare enn beggeer dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verksom vert gjorde under sola.
4 Eg såg at alt strev ¬og all dugleikkjem av at den eine ¬misunner den andre.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.
5 Dåren legg hendene i fangetog tærer på sitt eige hold.
6 Det er betre å ha litt i nevenog få leva i roenn å ha begge hendene fulleog streva og jaga etter vind.
7 Og endå meir fåfengdvart eg var under sola.
8 Ein mann ¬står stundom heilt åleine,utan son eller bror,og likevel er det ingen endepå alt hans strev;han ser seg ikkje mett ¬på rikdom.«Kven er det eg strevar forså eg nektar meg sjølv ¬alt godt?»Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.
9 Det er betre å vera to ¬enn ein,dei får god løn for sitt strev.
10 For om dei dett, kan den einereisa opp den andre.Men stakkars den som er ¬åleine!Når han dett, har han ingentil å reisa seg opp.
11 Når to ligg saman, ¬vert dei varme,men korleis kan den einslege ¬verta varm?
12 Om nokon vinn over ¬den som er åleine,vil to kunna stå seg mot han.Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.
13 Ein ungdom som er fattig, ¬men klok,er betre faren enn ein kongesom er gamal og dumog ikkje har vit ¬til å ta imot råd.
14 Ein som kom ut or fengslet,vart teken til konge,endå han vart fødd i fattigdommedan ein annan styrte.
15 Eg såg korleis alle menneskesom ferdast ikring under sola,gav seg i lag ¬med den unge mannensom skulle koma ¬i kongens stad.
16 Det var ingen ende ¬på alt det folketsom han vart førar for.Men dei som kjem etter,bryr seg ikkje lenger om han.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.
17 Akta foten din ¬når du går til Guds hus!Det er betre ¬at du kjem dit og høyrerenn at dårar ber fram offer;for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.