Forkynnaren 5 N78NN

1 Ver ikkje for snar ¬med munnen,og lat ikkje hjarta ¬forhasta segnår du vil tala eit ord ¬for Guds åsyn.For Gud er i himmelen ¬og du på jorda,lat difor orda dine vera få!

2 Med hardt slit fylgjer draumarog med mange ord ¬dumt snakk.

3 Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud bryr seg ikkje ¬om dårar.Gjer det du lovar!

4 Det er betre at du inkje lovar,enn at du lovar ¬og ikkje held ord.

5 Lat ikkje munnen ¬føra skuld over deg,og sei ikkje til Guds sendebod:«Eg gjorde det av vanvare.»Kvifor vil du harma Gud ¬med det du seier,så han øydelegg ¬det du har gjort?

6 Med mange draumar ¬og mange ordfylgjer mykje fåfengd.Men du skal ha age for Gud.

Rikdom kan verta til ulukke

7 Ser du ¬at fattigfolk vert trælka,at rett og rettferd ¬krenkjest i landet,så undrast ikkje over det!Éi styremakt ¬vaktar på den andre,og over dei begge står ein ¬som er høgare.

8 Det er alltid ein føremonat landet har ein kongesom syter for at jorda ¬vert dyrka.

9 Den som er glad i pengar,får aldri nok av dei,og den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Det òg er fåfengd.

10 Når godset aukar,skal fleire leva av det.Og kva anna gagn ¬har eigaren av detenn at han får sjå det?

11 Ein arbeidsmann kan ¬sova godtanten han har lite ¬eller mykje å eta.Den rike et seg mett,men får ikkje ro til å sova.

12 Det finst noko syrgjeleg vondtsom eg har sett under sola:Rikdom som vel er gøymd,kan verta til ulukke for ¬eigaren.

13 Går rikdomen tapt ¬ved eit uhell,og den rike har fått ein son,vert det ingenting att til han.

14 Så som han kom frå mors liv,så naken som han kom, ¬skal han gå bort.Han har ingenting att ¬for sitt strev,ingen ting ¬som han kan ta med seg.

15 Det òg er syrgjeleg vondt:Nett som han kom, ¬må han gå herifrå.Kva vinning har han dåav sitt strev ¬og sitt jag etter vind?

16 Ja, alle dagarmå han eta sitt brød i mørker,sorgfull, sjuk og harm.

17 Høyr no kva eg har funne:Det likaste ¬eit menneske kan gjera,er å eta og drikka ¬og ha det godtmidt i alt strev og slit ¬under sola,den korte tida Gud lèt det leva.Det er den lut ¬som mennesket har fått.

18 Når Gud lèt ein mann ¬få rikdom og godsog gjev han lov til å nyta det,så han kan ta sin delog gleda seg midt i sitt strev,då er det ei gåve frå Gud.

19 Då tenkjer ikkje mannen ¬mykje på sitt liv,for Gud gjev han glede ¬i hjarta.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12