Ordtaka 31 N78NN

Kong Lemuels ord

1 Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.

2 Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son,du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn?

3 Gjev ikkje di kraft til kvinner,ditt liv til dei ¬som tyner kongar.

4 Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel,det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vineller for fyrstar å nyta rusdrikk.

5 For då gløymer dei lov ¬og vedtektog rengjer retten ¬for kvar arming.

6 Gjev heller rusdrikk til densom held på å gå til grunne,og vin til den som er sorgtyngd.

7 Lat han drikka, ¬så han gløymer si armodog ikkje minnest si møde meir.

8 Lat opp din munn ¬for den som er mållaus,tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne.

9 Lat opp din munn ¬og døm rettferdig,hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!

Den gode kona

10 Den gode kona, ¬kven finn vel henne?Meir er ho verd enn perler.

11 Mannen set all si lit til henne,og det skortar ikkje ¬på vinning.

12 Ho gjer berre godt imot han,og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.

13 Ho syter for ull og lin,hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.

14 Ho er som ein kjøpmanns skip,langt bortanfrå hentar ho mat.

15 Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe,gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.

16 Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han;ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.

17 Styrke er beltet ho har ¬om livet,i armane legg ho kraft.

18 Ho merkar at arbeidet lukkast,hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.

19 Ho legg hendene på rokken,og fingrane grip om teinen.

20 Ho opnar handa ¬for dei som lid naud,retter armane ut til fattigfolk.

21 Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset,for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.

22 Teppe lagar ho sjølv,ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.

23 Hennar mann er kjend ¬der folket samlast,han sit i lag ¬med dei eldste i landet.

24 Ho lagar skjorter som ho sel,og sender belte ¬til kjøpmannen.

25 Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad,og ho ler mot komande dagar.

26 Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen,og venleg rettleiing ¬har ho på tunga.

27 Ho ser etter ¬korleis det går i huset,og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap.

28 Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl,og mannen gjev henne ros:

29 «Det finst mange ¬dugande kvinner,men du går over dei alle.»

30 Ynde sviktar, og venleik forgår,ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast.

31 Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid;der menneske møtest,får ho ros for sine gjerningar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31