Ordtaka 22 N78NN

Lær guten den vegen han skal gå!

1 Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom;å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.

2 Rike og fattige møtest,Herren har skapt dei alle.

3 Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.

4 Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev,er rikdom og ære og liv.

5 På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer,den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.

6 Lær guten den vegen ¬han skal gå,så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.

7 Rikmenn rår over fattige,den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.

8 Den som sår urett, ¬haustar vondskap,riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.

9 Velsigning får den ¬som er god mot andre,for han deler sitt brød ¬med dei fattige.

10 Jag spottaren ut, ¬så går tretta med,og den skamlause striden ¬får ein ende.

11 Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta,den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.

12 Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap,men svikarens ord ¬gjer han maktlause.

13 Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute,ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»

14 Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav,den Herren er harm på, ¬fell nedi.

15 Vitløyse høyrer ungguten til,men tukteriset ¬driv henne bort.

16 Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige,gåver til den rike ¬gjev berre tap.

Gode og kloke råd

17 Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord,rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.

18 Det er godt ¬om du gøymer dei i hjartaog alltid har dei på lippene.

19 For at du skal setja ¬di lit til Herren,forkynner eg dei for deg i dag.

20 Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for degmed gode og kloke råd.

21 Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord,så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.

22 Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig,og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!

23 For Herren vil føra deira sakog ta livet av deira ransmenn.

24 Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg,og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,

25 så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegarog setja ei felle for ditt liv.

26 Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslagog borgar for folk ¬som har gjeld.

27 Når du ikkje har noko ¬å betala med,kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?

28 Flytt ikkje gamle merkesteinarsom fedrane dine har reist.

29 Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid?Han kan ta teneste hjå kongarog skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31