Ordtaka 1 N78NN

1 Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.

Ordtøka gjev visdom

2 Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom,så ein skjønar vitug tale

3 og tek imot tukt ¬som gjev framgang,og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.

4 Dei gjev den urøynde klokskapog ungdomen kunnskap ¬og omtanke.

5 Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom,den vituge lærer ¬å styra sin tanke,

6 så han skjønar ordtak ¬og bilettale,ord av vismenn og ¬gåtene deira.

7 Age for Herren ¬er opphav til kunnskap;dårar vanvørder ¬visdom og tukt.

Gløym ikkje det du har lært!

8 Høyr etter når far din ¬formanar deg, son,og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

9 For det er ein fager krans ¬om ditt hovud,ei kjede som pryder din hals.

10 Fylg ikkje syndarar, son min,når dei lokkar deg,

11 når dei seier: ¬«Kom og ver med oss!Vi vil liggja på lur og drepa,setja feller for skuldlause ¬utan grunn.

12 Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket,la dei gå heilt til grunnelik dei som går i grav.

13 Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna,fylla våre hus med røva gods.

14 Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette,alle skal vi ¬ha same pengepungen.»

15 Son min, slå ikkje lag ¬med dei,hald foten din borte ¬frå deira stig!

16 Dei spring så lett ¬etter det som er vondt,og er snøgge til å renna ut blod.

17 Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettetså alle fuglane ser det.

18 Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv,dei set feller for seg sjølve.

19 Så går det alle ¬som jagar etter vinning,det tek livet av dei.

Visdomen kallar til bot

20 Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata,lèt røysta si lyda på alle torg.

21 Midt i ståket ropar ho ut,tek til ords ¬i dei opne byportane:

22 Kor lenge skal de godtruneelska godtruenskapen?Kor lenge skal spottaraneha glede av å spottaog dårane hata kunnskap?

23 Vend dykk hit ¬når eg refser,så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykkog gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.

24 De ville ikkje høyra ¬når eg ropa,og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;

25 de brydde dykk ikkje ¬om mine rådog ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.

26 Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk,og spotta ¬når de vert slegne av redsle,

27 når redsla fer fram ¬som eit uver,når ulukka kjem som ¬ein storm,og de vert ute ¬for trengsle og naud.

28 Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje;dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.

29 Fordi dei hata kunnskapog ikkje valde å ottast ¬Herren,

30 fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt rådog vanvørde ¬alle mine refsingsord,

31 difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferdog mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.

32 Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet,tryggleiken ¬tyner dårane.

33 Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygtog leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31