Ordtaka 5 N78NN

Hald deg unna annan manns kone!

1 Son min, gjev akt på ¬min visdom,vend øyra til mitt skjøn!

2 Så kan du ta vare på gode rådog vakta på kunnskapen ¬når du talar.

3 Framand kvinne ¬har honning på lippa,sleipare enn olje ¬er hennar tunge.

4 Men til sist er ho beisk ¬som malurtog kvass ¬som eit tvieggja sverd.

5 Hennar fotsteg fører til døden,til dødsriket går hennar fet.

6 Ho aktar ikkje på livsens stig,ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.

7 Så høyr på meg, mine born,vik ikkje av frå dei ord eg talar!

8 Hald deg unna ¬annan manns kone,kom ikkje nær hennar dør!

9 Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,dine beste år ¬til ein nådelaus herre.

10 Framande får metta seg ¬av det du eig,det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.

11 Så må du stynja i di ¬siste stund,når kroppen og holdet ¬tærest bort,

12 og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tuktog ikkje bry meg om refsing!

13 Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg,og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.

14 Det hadde nær gått ille ¬med megdå folket var samla til ting.»

15 Drikk or din eigen brunn,rennande vatn ¬or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata,bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølvog ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.Gled deg over ¬din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell!Fryd deg støtt ¬ved hennar barm,lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!

20 Son min!Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør,kvifor ta framand kvinne ¬i famn?

21 Herren ser kvar mannen går,gjev akt på alle hans stigar.

22 Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd,syndene held han fast ¬som snarer.

23 Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt,i sin store dårskap ¬går han til grunne.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31