Ordtaka 27 N78NN

Ein ven er trufast

1 Rosa deg ikkje ¬av morgondagen,for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang.

2 Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv,ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper.

3 Steinen er tung, ¬og sand veg mykje,men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre.

4 Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum,men kven kan stå seg ¬mot avundsykje?

5 Betre er openberr refsingenn kjærleik ¬som ein held duld.

6 Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår,men fiendens kyss ¬er svikefulle.

7 Den mette vrakar ¬den finaste honning,alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.

8 Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret,er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.

9 Olje og røykjelse ¬gleder hjarta,så òg ein vens kjærleikmeir enn gode råd.

10 Gjev ikkje slepp på din venog på venen åt far din;gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud.Ein granne ¬som bur tett attmed,er betre enn ein bror ¬langt borte.

11 Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta,så eg kan svara ¬dei som spottar meg.

12 Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.

13 Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14 Når nokon med høg røystvelsignar sin neste ¬tidleg om morgonen,er det å rekna ¬som ei forbanning.

15 Si-drop frå taket ¬ein regnversdagog trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16 Å stansa henne ¬er som å halda på vind,som å gripa olje ¬med høgre handa.

17 Jern sliper jern,og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18 Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det;den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

19 Som andletet speglar seg ¬i vatnet,kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.

20 Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette,og menneskeaugo ¬får aldri nok.

21 Sølvet smeltar dei i digelenog gullet i smelteomnen,men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.

22 Om du støyter ein dåre ¬i morterenog knuser han saman ¬med gryna,går dårskapen likevel ikkje ¬av han.

23 Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut,og syt vel for buskapen din!

24 For rikdom varer ikkje evig,eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.

25 Når graset er borte ¬og håa kjem til synes,og folk samlar ¬fjellgraset saman,

26 då har du lam ¬og kan få deg kledeog bukkar ¬til å kjøpa ein åker for;

27 du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus,til livsopphald ¬for jentene dine.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31