Ordtaka 30 N78NN

Agurs visdomsord

1 Ord av Agur,son til Jake frå Massa.Så lyder ordet åt mannen:Gud, eg er trøytt,Gud, eg er trøytt og utmødd.

2 Eg er for dum ¬til å vera ein mann,eg har ikkje vit ¬som eit menneske.

3 Visdom har eg ikkje lært,eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage.

4 Kven har stige opp ¬til himmelenog er komen ned att?Kven har samla vinden ¬i si hole handog bunde vatnet i eit klede?Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda?Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans?Det veit vel du?

5 Kvart ord frå Gud er reint.Han er eit vern ¬for dei som flyr til han.

6 Legg ikkje noko til hans ord,elles refser han deg,og du står der som lygnar.

7 To ting vil eg be deg om,dei må du ikkje nekta meg ¬før eg døyr:

8 Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg,og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom,men lat meg få den mat ¬eg treng!

9 Elles kunne eg verta så mettat eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?»eller verta så fattig at eg stalog forbanna namnet ¬åt min Gud.

10 Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre;elles vil han forbanna deg,og du må bøta for di synd.

11 Det finst folk ¬som forbannar far sinog ikkje velsignar mor si,

12 folk som er reine i eigne augo,men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg,

13 folk som er stolte i blikket– å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! –

14 folk som har sverd til tennerog knivar i kjakane,så dei et armingar ut or landetog fattige ut or folket.

15 Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev».Det finst tre ¬som ikkje vert mette,og fire som aldri får nok:

16 dødsrike og barnlaust ¬morsliv,jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn,og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.»

17 Den som ser spottande ¬på far sinog ikkje vil lyda mor si,på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo,og ørnungar skal eta dei opp.

18 Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg,og fire som eg ikkje skjønar:

19 ørns flòg over himmelen,orms veg over berget,skips veg på havetog manns veg ¬til ei ung kvinne.

20 Så ber ei trulaus kvinne seg åt:Ho et og turkar seg ¬om munnenog seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.»

21 Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

22 trælen når han vert konge,og dåren ¬når han får eta seg mett,

23 attergløyma ¬når ho vert gift,og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24 Det finst fire ¬som er små på jorda,og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25 Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk,men om sommaren ¬finn han seg føde.

26 Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke,og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27 Grashoppene har ingen konge,men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28 Firfisla kan ein ta ¬med hendene,og endå er ho i kongens slott.

29 Det finst tre ¬som går med stolte steg,og fire som har ei fager gonge:

30 løva, kjempa mellom dyra,som ikkje vik for nokon,

31 hanen som går ¬og bretter seg,bukken fyrst i flokkenog kongen i brodden ¬for sitt folk.

32 Har du vore dum ¬og hovmodig,så tenk deg om ¬og legg handa på munnen!

33 For trykk på mjølk gjev smør,trykk på nase gjev blod,og trykk på vreide valdar strid.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31