Ordtaka 13 N78NN

Vismanns lære er ei kjelde til liv

1 Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin,men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn.

2 Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,dei trulause trår etter vald.

3 Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet,den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv.

4 Den late vil ha, ¬men får ikkje noko,den annsame får ¬det han ynskjer seg.

5 Den rettvise hatar usann tale,den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt.

6 Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd,men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.

7 Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.

8 Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.

9 Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.

10 Hovmod fører berre til trette,kloke er dei som tek imot råd.

11 Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.

12 Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13 Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.

14 Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

15 Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,men svikarars veg ¬fører til ulukke.

16 Den som er klok, ¬fer fram med vit,men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.

17 Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke,med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.

18 Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt,men ære får den ¬som aktar på refsing.

19 Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt,å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar.

20 Den som held lag ¬med vismenn, vert vis,men dårars ven går det ille.

21 Ulukke forfylgjer syndarar,dei rettferdige får lukke til løn.

22 Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn,men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise.

23 Fattigfolks nybrot ¬gjev rikeleg føde,men ho går tapt når uretten rår.

24 Den som sparer på riset, ¬hatar son sin,den som elskar han, ¬tuktar han tidleg.

25 Den rettvise får eta seg mett,men dei gudlause må gå ¬med magen tom.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31