Ordtaka 3 N78NN

Visdom og gudsfrykt

1 Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min,ta vare på mine bod i ditt hjarta!

2 For dei gjev deg ¬mange dagar og årog gjer di lukke større.

3 Lat aldri godleik ¬og truskap fara,men bind dei om din hals,og skriv dei på di hjartetavle!

4 Då får Gud og menneske ¬godvilje for degog held deg for ein vitug mann.

5 Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta,og set ikkje lit til ditt vit!

6 Tenk på han ¬kvar du ferdast,så gjer han dine stigar jamne.

7 Ver ikkje klok i eigne augo,ha age for Herren,og hald deg frå det ¬som er vondt!

8 Det vert til helsebot ¬for kroppenog gjev deg kraft ¬i merg og bein.

9 Æra Herren med det du eig,med fyrstegrøda ¬av all di avling.

10 Då vert di matbu rikeleg fylt,og druesafta renn over ¬i kummane dine.

11 Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt,miss ikkje motet når han refser!

12 For Herren tuktar ¬den han elskar,som ein far refser ¬den son han har kjær.

Sæl er den som finn visdom

13 Sæl er den som finn visdom,det menneske ¬som vinn godt skjøn.

14 Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv,den vinning han gjev, ¬er større enn gull.

15 Dyrare er han enn perler,av alle dine skattar ¬er ingen som den.

16 I si høgre hand ¬har han langt liv,i si venstre rikdom og ære.

17 På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara,alle hans stigar fører til fred.

18 Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han,sæle er dei ¬som held fast på han.

19 Herren grunnla jorda ¬med visdomog reiste himmelen med skjøn.

20 Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa framog dogga drypa frå skyene.

21 Ta vare på klokskap ¬og omtanke,og slepp dei ikkje or syne, son!

22 Då skal dei vera til liv for deg,ei fager kjede om halsen din.

23 Då kan du vandra trygt ¬på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

24 Du er ikkje redd ¬når du går til ro,når du har lagt deg, ¬søv du så godt.

25 Du treng ikkje reddast ¬for støkk,for stormen som kjem ¬over dei vonde.

26 For du kan setja di lit ¬til Herren,han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.

Gjer vel mot din neste!

27 Gjer vel mot dei som treng det,nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!

28 Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg,og kom att i morgon, ¬så skal du få!»– så sant du har noko ¬å gje han no.

29 Legg ikkje vonde planar ¬mot din nestesom bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.

30 Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn,når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.

31 Misunn ikkje den ¬som brukar vald,vel ikkje å fylgja i hans fotefar!

32 Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren,men med dei ærlege ¬har han samfunn.

33 Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause,men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.

34 Spottarar svarar han ¬med spott,men dei audmjuke ¬gjev han nåde.

35 Vise menn vinn ære,men dårar får stor skam.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31