Ordtaka 15 N78NN

Den velsigning visdomen gjev

1 Eit mildt svar ¬døyver sinne,sårande ord vekkjer vreide.

2 Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap,men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.

3 Herrens augo er alle stader,dei vaker over vonde ¬og gode.

4 Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.

5 Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,klok er den ¬som aktar på refsing.

6 I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom;det den gudlause vinn, ¬går tapt.

7 Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap,men dårens hjarta er ikkje rett.

8 Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren,men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.

9 Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren,men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.

10 Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen,den som hatar refsing, må døy.

11 Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren,kor mykje meir ¬då menneskehjarta.

12 Spottaren mislikar refsing,til dei vise går han ikkje.

13 Glede i hjarta gjer andletet ljost,men hjartesorg gjer motlaus.

14 Vitug mann søkjer kunnskap,men dårar fer berre ¬med dårskap.

15 For ein arming ¬er dagane vonde,men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.

16 Betre er lite med otte ¬for Herrenenn stor rikdom med uro attåt.

17 Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.

18 Bråsint mann ¬valdar strid og trette,den langmodige ¬får striden til å stilna.

19 For den late er vegen ¬som eit klungergjerde,men jamn er stigen ¬for dei ærlege.

20 Ein klok son ¬er til glede for far sin,ein dum mann ¬vanvørder mor si.

21 Den tankelause ¬har glede av dårskap,den vituge går beint fram.

22 Utan rådlegging ¬mislukkast planane,men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.

23 Mannen gled seg ¬når munnen kan svara.Kor godt med eit ord i rette tid!

24 For den kloke ¬fører livsvegen oppover,og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.

25 Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige,enkjer lèt han få ha si jord.

26 Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren,men milde ord er reine.

27 Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr,men den som hatar muter, ¬får leva.

28 Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar,men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.

29 Herren er langt borte ¬frå dei vonde,men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.

30 Lysande augo gjer hugen glad,god bodskap gjev merg i bein.

31 Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet,held ein gjerne lag med dei vise.

32 Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv,den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.

33 Age for Herren ¬manar til visdom,føre ære går audmykt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31