1 Visdomsmøya ¬har bygt seg husog hogge til sine sju søyler.
2 Ho har slakta fe,blanda vin og duka bordet.
3 Ho har sendt ut sine jenterog ropar oppe ¬frå byens høgder:
4 «Hit kan den urøynde ¬venda seg.»Og til den tankelause seier ho:
5 «Kom og et av min matog drikk av den vin ¬eg har blanda.
6 Lat tankeløysa fara, ¬så skal de leva,gå fram på den vegen ¬vitet viser!»
7 Den som åtvarar ein spottar, ¬får skam,den som refser ein gudlaus, ¬lid skade.
8 Refs ikkje spottaren, ¬for då vil han hata deg,refs heller den vise, ¬så elskar han deg.
9 Lær den vise, ¬så vert han visare,lær den rettferdige, ¬så aukar han sin kunnskap.
10 Age for Herren ¬er opphav til visdom,å kjenna Den Heilage er vit.
11 Mange dagar vil eg gje deg,og leveår får du i rikt mål.
12 Er du vis, så gagnar det deg;spottar du, ¬må du lida for det sjølv.
13 Dårskapen er ¬ei vinglande kvinne,lauslyndt og vitlaus er ho.
14 Ho sit utfor husdøra si,på ein stol høgt oppe i byen.
15 Ho ropar til dei ¬som ferdast på vegen,som går sine stigar beint fram:
16 «Hit kan den urøynde ¬venda seg.»Og til den tankelause seier ho:
17 «Stole vatn smakar godt,og herleg er maten ¬ein et i løynd.»
18 Men han skjønar ikkje ¬at der held daudingar til,at dei som gjestar henne, ¬går til helheims djup.