Ordtaka 25 N78NN

Det gjeld å styra sin hug

1 Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.

2 Det er Guds ære å dølja ei sak,men kongars ære ¬å granska henne.

3 Himmelhøgd og jordedjupog kongars hjarta ¬kan ingen granska.

4 Skil slagget frå sølvet,så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det.

5 Før dei gudlause bort ¬frå kongen,så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd.

6 Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på,og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!

7 For det er betre ¬dei seier til deg:«Kom og set deg her oppe!»enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding.Kva du så ser med eigne augo,

8 ver ikkje for snar ¬til å reisa sak!For kva vil du gjera til sistnår nesten din ¬fører skam over deg?

9 Før di sak med nesten din,men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom!

10 Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg,og du får for alltid ¬uord på deg.

11 Som eple av gull i skåler ¬av sølver ord ein talar i rette tid.

12 Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint guller den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.

13 Som svalande snø ¬ein dag i skurdener ein påliteleg bodberar ¬for sin herre,han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.

14 Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn,er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det.

15 Med tolmod ¬vert hovdingen overtald,den milde tunga knuser bein.

16 Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng;elles vert du for mett ¬og spyttar han ut.

17 Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven,elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat.

18 Som hamar og sverd ¬og kvasse piler den som vitnar rangt ¬mot sin neste.

19 Som roten tann og ustø foter tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen.

20 Å syngja for den ¬som er sorgfull,er som å kasta kappa ¬ein vinterdageller som å slå eddik på natron.

21 Er din uven svolten, ¬så lat han få mat,er han tyrst, ¬så gjev han drikke!

22 Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud,og Herren skal løna deg for det.

23 Nordavinden kjem med regn,med baktale fylgjer ¬sinte andlet.

24 Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

25 Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupeer godt nytt frå framandt land.

26 Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunner ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus.

27 Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt;ver sparsam med rosande ord!

28 Lik ein øydelagd by ¬med nedriven murer ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31