Ordtaka 21 N78NN

Den rettvise er fast og stø i si åtferd

1 Som rennande bekkerer kongens hjarta ¬i Herrens hand;han leier det dit han vil.

2 Ein mann kan synast ¬at all hans ferd er rett,men Herren prøver ¬menneskehjarto.

3 At folk gjer rett og skil,er meir verdt for Herren ¬enn offer.

4 Stolte augo ¬og hovmodig hjarta,ljoset åt dei gudlause, er synd.

5 Det den annsame tek seg føre, ¬gjev vinning,men hastverk fører berre til tap.

6 Den rikdom ein vinn ¬med lygn,er ein kvervande pust,og han fører til døden.

7 Dei vonde vert bortrivne ¬av si eiga valdsferd,for dei vil ikkje gjera ¬det som er rett.

8 Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar,men den reine fer ærleg fram.

9 Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

10 Den gudlause har hug ¬til det vonde,hans neste finn ingen velvilje ¬hjå han.

11 Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok,og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg.

12 Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus,han støyter dei vonde ¬ut i ulukke.

13 Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik,skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar.

14 Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide,det ein får i fanget, ¬stiller stor harme.

15 For den rettferdige ¬er det ei gledeå gjera det rette,men for ugjerningsmannen ¬er det ei gru.

16 Den som villar seg bort ¬frå klokskaps veg,han hamnar ¬mellom daudingar.

17 Den som likar moro, ¬må sakna mangt,den som elskar vin og olje, ¬vert aldri rik.

18 Den gudlause vert gjeventil løysepengar ¬for den rettferdige,og svikaren kjem ¬i staden for den ærlege.

19 Betre å bu i eit øyde landenn hjå arg ¬og trettekjær kvinne.

20 Der dei vise bur, ¬er det dyre skattar og olje,men dåren øyder det opp.

21 Den som jagar etter rett ¬og truskap,finn liv og rettferd og ære.

22 Ein klok mann kan storma ¬ein by full av kjemperog bryta det vernet ¬dei sette si lit til.

23 Den som aktar sin munn ¬og si tunge,bergar sitt liv ¬frå naud og trengsle.

24 Den stolte og kaute ¬kallar dei spottar;han er skamlaus og frekk ¬i si framferd.

25 Det den late ynskjer, ¬fører til døden,for han vil ikkje arbeida ¬med sine hender.

26 Heile dagen går han ¬med lyst og trå,den rettvise gjev ¬og er ikkje knuslet.

27 Ein styggedom er det ¬når dei gudlause ofrar,serleg når dei gjer det ¬med vondt i tankar.

28 Det falske vitnet fell igjennom,men det truverdige vitnet ¬vert alltid høyrt.

29 Den gudlause går der ¬med frekk mine,den ærlege er fast og stø ¬i si ferd.

30 Det finst ikkje visdom og skjønog ingen plan ¬som hjelper mot Herren.

31 Hesten vert budd ¬til stridens dag,men det er Herren ¬som gjev siger.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31